Faghistorisk seminar om Hans Nielsen Hauge

Haugianerne Av Adolph Tidemand, 1848/Nasjonalmuseet.

I år er det 250 år sidan den kristne lekpredikanten Hans Nielsen Hauge blei fødd. Sidan slutten av 1800-talet har folk forska på «Ildprofeten frå Tune», og historiografien blir stadig meir omfangsrik. Eit jubileum må opne for nye perspektiv! Historiefaggruppa ved USN inviterer derfor til haugeseminar 22. - 23. november ved studiestad Bø i Telemark.


22 Nov

Praktisk informasjon

  • Dato: 22. november 2021 - 23. november 2021
  • Tid: kl. 09.30 - 15.30
  • Sted: Bø, 6-103 A. O. Vinje auditorium
  • Last ned kalenderfil

  • Påmeldingsfrist: 31. oktober 2021
  • Påmelding 

    Seminaret er gratis for alle påmelde, inkludert lunsj begge dagar.

    Vi legg til rette for å halde god avstand. Derfor er det ein avgrensa mengde plassar på seminaret. 

    NB: Ordinære påmeldte kan i påmeldingsskjemaet hake av for konferansemiddag ved Bø Hotell, men må dekke denne kostnaden sjølv.

    Hotellbooking for ordinære gjestar: Rombooking ved Bø hotell
    47 35 06 08 00 - post@bohotell.no

    Benytt rabattkode: 114634. Enkeltrom inkludert frokost NOK 990,- pr. natt.

    Det er reservert et begrenset antall rom for konferansedeltakere. Disse holdes til 22. september. Etter denne dato kan vi ikke garantere ledig rom eller vår avtalepris. Rom m/frokost dekkes av den enkelte deltaker. Betales ved avreise.

    Slik kommer du deg til campus Bø

    Arrangementskomite:

Vi satsar på eit fagseminar som kan skje fysisk ved USN studiestad Bø i Telemark, to timar med tog frå Oslo. Seminaret vil strekke seg over to dagar, og er opent for den historieinteresserte allmenta, studentar og fagfolk.

Vi kjem til å ha eit særleg skule- og lesehistorisk perspektiv på haugianismen i vårt seminar. Vidare er vi interesserte i å sjå nærmare på haugerørsla i den politiske kulturen. Vi ønskjer ikkje minst at seminaret kan skape rom for å dele funn frå fersk forsking på den pietistisk-puritanske lekmannsrørsla.

Velkomen til Bø i november!

Program

Følgjande fagfolk skal halde innlegg i Bø (Merk! Titlane har status som «førebels»):

  • Kristian Holen Nymark, USN: Ideologiske skillelinjer og politiske konfliktarenaer mellom haugianere og liberale bønder i tiårene etter 1814
  • Merete Roos, USN: Hans Nielsen Hauge, undervisning og opplysning
  • Arne Bugge Amundsen, UiO: Hauge før og etter Anton Christian Bang
  • Eli Morken Farstad, USN: Haugerørsla i norske lokalsamfunns politiske kultur før 1850
  • Trond Nordby, UiO: Sosial kontekstualisering
  • Mona Ringvej: I Hans Nielsen Hauges fotspor? Hvordan kunne Marcus Thrane mobilisere 30 000 medlemmer til aktivt foreningsliv? 
  • Nils Gilje, UiB: Hans Nielsen Hauge - mellom karisma og mystikk
  • Kristin Norseth, MF: "Fromhet styrker rikene." Hans Nielsen Hauge, kirken og teologien
  • Jostein Garcia de Presno, HiVolda: Er det den konfliktskapende eller fredssøkende Hauge som bør feires?
  • Bjørg Selnes Seland, UiA: Haugebevegelsens kvinner: historiografisk blikk på forskning og formidling
  • Svein Ivar Langhelle, UiS: Haugianisme og modernisering: Drøfting med utgangspunkt i Stavanger amt
  • Helje Kringlebotn Sødal, UiA, i samarbeid med bispedømma Telemark, Agder og Tunsberg: Ble kirkens store rebell stueren? Om relasjonen mellom Hauge og kirken, før og nå

Arrangementet er i regi av faggruppe for historie ved USN Handelshøyskolen, Institutt for økonomi, historie og samfunnsvitenskap, og har fått stønad frå Stiftelsen Fritt Ord.