Forskarnatt USN: Powered by PechaKucha

Velkommen til ein tilbakelent kveld med god og underhaldande formidling av forsking i tråd med 20x20-formatet til Pecha Kucha.


25 Sep

Praktisk informasjon

  • Dato: 25. september 2020
  • Tid: kl. 20.00 - 23.00
  • Sted: Stasjonen kafé og bar i Tønsberg

Pecha Kucha er japansk og tydar «lyden av folk som snakkar». Det kan også omsettast til «snikk-snakk», sjølv om det kan vere tungt misvisande, da PechaKucha ofte nyttast til å formidle komplekse tema, men gjerne på eit lettfatteleg og engasjerenda vis.

Lynpresentasjon

PechaKucha er ein form for «lynpresentasjon» som kom til verda i 2003 som følgje av at ein gruppe designarar og arkitektar hadde gått lei av trøyttande, unødig lange og lite inspirerande presentrasjonar, fulle av keisame modellar og kalkylar.

Leis meir om PechaKucha og 20x20-formatet (pechakucha.com)

Under årets Forskingsdagane skal ein gruppe av våre forskarar presentere på dette viset som ein del av Forskarnatt / Researchers' Night. Forskarane som deltek representerer vidt ulike forskingsfelt.

Det blir eit sokalla «Powered by PechaKucha»-arrangement, og vi planlegg å halde dette på det populære utestedet Stasjonen i Tønsberg.

Dersom koronasituasjonen krevjer det, vil heile arrangemetet bli digitalisert.

20x20

I ein PechaKucha-presentasjon må ein avgrensa seg til 20 lysbilete, og lysbileta  avløyser einannan automatisk kvart 20. sekund.

Dermed har ein totalt seks minutt og 40 sekund på å kome seg gjennom presentasjonen sin, noko som borgar for raske, poengterte og lettbeinte framsyningar.

Lysbileta som nyttast er fri for kulepunktar, tekst eller modellar. Det er godt rom for humor og retoriske grep som held tilhørarane fengsla.

I dag er PechaKucha eit verdsomspennande fenomen innan eit vell av fagfelt, og har blitt populært, særleg blant unge forskarar.