Ph.d-presentasjonar (Vestfold) – Powered by PechaKucha

Velkomen til eit tilbakelent forskingsformidlingsarrangement med levande musikk og lun stemning. Vi freister å både underhalde og opplyse når doktorgradsstipendiatar frå fleire av våre doktorgradsprogram presenterer forskinga si i tråd med PechaKucha 20x20-formatet.


24 Sep

Praktisk informasjon

No kan du oppleve PechaKucha på USN. Som ein del av Forskingsdagane 2019 skal ein gruppe doktorgradsstipendiatar presentere sine prosjekt på dette viset. Det blir «Powered by PechaKucha-arrangement» båe på studiestad Drammen og Vestfold.

Vi sett fram kafébord og syt for god, tilbakelent stemning både på og omkring scena. Det blir forfriskningar og pauseunderhaldning.

Forskarane som deltek representerer vidt ulike forskingsfelt, som til dømes utdanning, helse og robotikk.

Lynpresentasjon

PechaKucha er japansk og tydar «lyden av folk som snakkar». Det kan også omsettast til «Snikk-snakk», sjølv om det kan vere tungt misvisande, da PechaKucha ofte nyttast for å formidle komplekse tema, men gjerne på eit lettfatteleg og engasjerenda vis.

Leis meir om PechaKucha og 20x20-formatet (pechakucha.org)

PechaKucha er ein form for «lynpresentasjon» som kom til verda i 2003 som følgje av at ein gruppe designarar og arkitektar hadde gått lei av trøyttande, unødig lange og lite inspirerande presentrasjonar fullstappa av keisame modellar og kalkylar.

20x20

I ein PechaKucha-presentasjon må ein avgrensa seg til 20 lysbilete, og lysbileta  avløyser einannan automatisk kvart 20. sekund.

Dermed har ein totalt seks minutt og 40 sekund på å kome seg gjennom presentasjonen sin, noko som borgar for raske, poengterte og lettbeinte framsyningar.

Lysbileta som nyttast er fri for kulepunktar, tekst eller modellar. Det er godt rom for humor og retoriske grep som held tilhørarane fengsla.

I dag er PechaKucha eit verdsomspennande fenomen innan eit vell av fagfelt, og har blitt populært, særleg blant unge forskarar.