Historisk doktorgrad om folkemusikk

Laura Ellestad spiller hardingfele. Foto
HARDINGFELE: Laura Ellestad speler på fleire strengar. (Foto: Kjetil Bjørgan)

Laura Ellestad er hardingfelespelar og forskar, og ho underviser i folkemusikk på USN. No er ho òg den første folkemusikaren som har disputert for doktorgrad ved Noregs musikkhøgskule (NMH) nokonsinne. 

Laura Ellestad. FotoSpelemannspris-nominerte hardingfelespelar, forskar og pedagog, Laura Ellestad, er historisk.

«Kappleiks and House Parties»

31. mai forsvarar ho sin doktorgrad i oppføringspraksis ved Norges musikkhøgskole med prosjektet Kappleiks and House Parties: Norwegian Traditional Fiddle in Upper Midwestern Contexts, 1900-1970.

Prosjektet hennar undersøkar musikkulturen i norsk-amerikanske samfunn i det øvre Midtvesten i perioden 1900–1970 og skildrer korleis framføringsformer av dei to musikksjangrane bygdedansmusikk og norsk-amerikansk old-time music bidrog til å skape mangfaldige norsk-amerikanske identitetar i ein periode med store endringar i USA.

Les meir: NMH | Første folkemusiker som disputerer ved NMH

«Valdresspel i Amerika»

Ellestad har bachelorgrad i tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet (2012) og mastergrad i utøving med fordjuping frå Norges musikkhøgskole (2014).

I 2014 kom ho med den første soloplata si, «Valdresspel i Amerika», som vart nominert både til Spelemannprisen og Folkelarmprisen.

Ho har vore tilsett som universitetslektor ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på USN campus Rauland sidan 2018.

Laura Ellestad på Spotify: