Internasjonal studiestart på Rauland

Studentane Mira Dickie og Archie Pheby-McGurle. Foto
NYE OMGIVNADAR: Dei ferske studentane (frå venstre) Mira Dickie og Archie Pheby-McGurley har teke den lange vegen til Rauland frå høvesvis Texas i USA og England.

– Eg gler meg, men er samstundes spent og nervøs. Korleis blir det når vintermørkret kjem, undrast Mira Dickie, som har reist frå Texas til Rauland for å spele hardingfele.

15 nye internasjonale studentar var med då studieåret blei opna på studiestad Rauland måndag 19. august.

Totalt 100 studentar har studieplass her, og dei studerer tradisjonsmusikk, dans og ulike handverk som tre- og metallarbeid, rosemaling, søm og tilverking av musikkinstrument.

Rauland ligg i Vinje kommune, som er stor i utstrekning, men liten i folketal.

Lidenskapsfulle studentar

– Studiestad Rauland er «small but beautiful», sa rektor Petter Aasen i si opningstale.

Trio Mediæval sette stemninga med vakker middelaldersong og folketonar frå Noreg og England.

– Fagmiljøet her er anerkjent internasjonalt av dei som arbeidar med tradisjonsmusikk og folkekunst. Studentane har ein større lidenskap for faga enn vi ser andre stader, og lidenskap og interesse er gode drivarar i utdanning, understrekar Petter Aasen.

Ute av storbyen

Archie Pheby-McGurley frå England høyrde om studiet på Rauland frå ein norsk utvekslingsstudent. No er han her, med gitaren i handa, ivrig etter å oppleve norsk kultur, lære språk og fordjupe seg i musikktradisjonar.

Medstudent og texanar frå USA, Mira Dickie, gler seg til å få spele hardingfele i det ho meiner er optimale omgivnadar.

– Eg er glad for å være ute av storbyen. Nå skal eg konsentrere meg om musikken. Eg trur det blir eit godt år, seier Mira.

Trio Mediæval på scena. Foto

– Ta vare

– Vi er berre 3700 innbyggarar i kommunen, så kvar enkelt av dokker betyr mykje for oss, sa ordfører Jon Richard Kleven til studentane, og inviterte heile gjengen på en dagstur i buss for å bli kjent i kommunen, med eit besøk på villreinsenteret på Skinnarbu som høgdepunkt.

Med løfter om fjelltur, quiz og pizza frå studentdemokratiets studiestadleiar, Ask Borglund, og mange oppfordringar om å ta vare på kvarandre, forsvann studentane ut av salen og inn i klasserom og verkstader. Nokre av dei for fyrste gong i ei lita, norsk bygd.