Barnehage på labben

Foto av barn som jobber med en elektrisk tavle mens barnehagelærere bistår.
Engasjementet var stort då Bjørnestien barnehage vitja høgskulen for å lære om realfag. (Foto Tom Arild Dahl / Gjengangeren)

Ei annleis realfagsatsing på HSN gjer barnehageungar høve til å få artig fyrstehandskunnskap ved våre laboratorium. Samstundes får barnehagelærar-studentane verdifull praksiserfaring.


Tekst: Knut J. Meland

Om lag 20 av dei eldste ungane på Bjørnestien barnehage vitja nyleg HSN for å få eit gløtt inn i den realfaglege verda.

Dagen byrja i eit av høgskulens auditorium, kor fyrsteamanuensis Mehdi Azadmehr ved Institutt for mikro- og nanosystemteknologi formidla tung teori på enkelt vis i ei dialogbasert førelesning om straum og alle små og store maskiner vi nyttar i heimen.

– Eit positivt fyrstemøte

Etter teorien fylgde praksis på eit av høgskulens laboratorium, kor barna mellom anna freista å produsere og lage strøm, og fekk erfare korleis  elektrisiteten kan nyttast til ulike føremål.

– Målet er å gje barna eit positivt fyrstemøte med realfag. Vi vil gjere ungane nyfikne og vonar dei fortsett slik til dei vert vaksne. Kan hende ser vi dei att som ingeniørstudentar her då, seier Azadmehr.

Tverrfagleg

Barnehagelærerstudentar deltok som «tolkar» og støttespelarar for barna. Studentane fekk dermed ei nyttig praksiserfaring samstundes som dagen baud på fleire innblikk i korleis realfag kan verte integrert i barnehagekvardagen, og korleis barn kan te seg i møte med utøving av realfag.

– Det viktigaste for oss er å vekke studentanes interesse og entusiasme. Når dei går ut frå HSN, skal dei vere opne, nyfikne, entusiastiske og ikkje minst sjølvsikre i møtet mellom barn og natur – dei skal kunne rettleie og inspirere barna, seier høgskulelektor Emilie Foyn-Bruun.

Saman med høgskulelektor representerer ho naturfag og pedagogikk i fagområdet Natur, Helse, Bevegelse (NHB) innan barnehagelærarutdanninga. Her jobbar naturfag og pedagogikk nært saman.

– Vi voner opplevinga og røynslene studentane fekk ved å jobbe med ungane på labben inspirerer dei til å gjere liknande ting når dei sjølv er ute i praksisperiodar eller i fast jobb i ein barnehage, seier Tunstad.

«Nanoingeniør»

Til slutt fekk barna kvart sitt diplom som viser at dei har oppnådd graden «nanoingeniør»: eit ordspel som peikar på storleiken til barna og det sterke miljøet innan mikro- og nanosystemteknologi vi har ved høgskulen.

– Dette var gøy. Eg skal jobbe med straum når eg vert stor, men fyrst skal eg byrje på skulen, seier den ferske «nanoingeniøren» Ella Sofie Skåningsrud til lokalavisa i Horten, Gjengangeren.