Besøk fra China Three Gorges University

Besøk frå China Three Gorges University (CTGU) Porsgrunn. Delegasjonen blei leia av president Li Jianlin.
Besøk frå China Three Gorges University (CTGU) Porsgrunn. Delegasjonen blei leia av president Li Jianlin.

6. august besøkte ein delegasjon frå China Three Gorges University (CTGU) Porsgrunn. Delegasjonen blei leia av president Li Jianlin.


China Three Gorges University (CTGU) er eit universitet med rundt 28 000 studentar. Universitetet ligg i Yichang, en by på omtrent fire millionar i Hubeiprovinsen i det sentrale Kina. Byen ligg i nærleiken av Tre kløfter-dammen, verdas største hydro-elektriske dam, og universitetet har mykje kompetanse på hydroelektrisk energi og relaterte område. Universitetet er organisert under Hubei provinsregjering, og er eit av dei beste provinsstyrte universiteta i Hubeiprovinsen.

Vasskraft-samarbeid

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) har hatt eit langvarig samarbeid med institusjonen i vasskraft, og det har vore utvekslingar av studentar begge vegar. Universitetet tilbyr kurs på engelsk til USNs studentar. I 2012/2013 reiste fire studentar fra USN til CTGU for eit heilt år på maskiningeniørstudiet. Norske studentar har også tidlegare delteke på sommarkurs i Yichang, med stipend fra CTGU. Hausten 2018 vil ein student fra CTGU studere på masterstudiet «Electrical Power Engineering».

Moglegheiter for utveksling

I møtet blei det diskutert korleis ein kan byggje vidare på det eksisterande samarbeidet, og det blei diskutert moglegheiter for utveksling av studentar og fagtilsette, i tillegg til eit utvida forskingssamarbeid. Ei gyldig avtale fanst allereie mellom institusjonane, men på grunn av USNs nye namn og status ønskte partane å fornye avtala. I møtet blei det difor også signert ei ny samarbeidsavtale mellom USN og CTGU.

Er du interessert i å vite meir om utveksling til China Three Gorges University, så besøk nettsidene våre.