– Boka vi helst skulle ha sloppe å skrive

Rose-Marie Bank, Knut Tore Sælør, Lise Katrine Jepsen Trangsrud og Knut Ivar Bjørlykhaug.
I BOKFORM: (F.v.) Hospitant Rose-Marie Bank, førsteamanuensis Knut Tore Sælør, stipendiat Lise Katrine Jepsen Trangsrud og stipendiat Knut Ivar Bjørlykhaug (redaktør) bidreg alle til boka «Det går til helvete. Eller?». (Foto: Hege L. Mathisen / USN)

USN-tilsette fra faggruppa for psykisk helse og rus vil dra i gang ei kollektiv samtale om økosorg og korleis vi forstår oss sjølve som art.

Kva skjer med oss kjenslemessig når naturen og klimaet er i krise? I den ferske boka Det går til helvete. Eller? har stipendiat ved USN, Knut Ivar Bjørlykhaug, saman med akademisk bauta og filosofiprofessor ved UiO, Arne Johan Vetlesen, samla ei rad bidragsytarar til å beskrive sine eigne røynsler rundt dette.

Formålet med boka er å utforske fenomenet økosorg og knyte klimakrisa og vår plass i naturen til sosiale og helsemessige dimensjonar.

BokomslagBoka har alt skapt mykje omtale i media – mellom anna gjennom tre episodar av NRK P2s Verdibørsen (30. mai, 6. juni og 13. juni) – og ført til eit eige arrangement på Litteraturhuset i Oslo, og dei to redaktørane har jamvel fått plass på programmet til årets Folkehelsekonferanse i oktober.

På helsa laus

– Natur- og klimakrisa går på helsa laus, og vi er alle er påverka eller kjem til å bli det. Eg vonar denne boka kan medverke til å skape eit større rom i offentlegheita til å snakke om dei vonde kjenslene ein ber på knytte til naturtap og klimaendring, seier Bjørlykhaug.

Bjørlykhaug er ein aktiv formidlar og stipendiat ved Senter for psykisk helse og rus ved USN, samstundes som han er tungt sysselsett med doktorgradsarbeid om sosialt arbeid og sosialpolitikk på OsloMet.

Han understrekar at økologisk sorg og frykt for klimaendringar ikkje må forståast som lidingar ein bør setje diagnosar på:

– Dette handlar om ei legitim frykt over noko veldig konkret som allereie skjer rundt oss. Kjensler som sorg, frustrasjon, bekymring og mismot er heilt naturlege reaksjonar på omfattande naturøydeleggingar og farlege klimaendringar, og derfor er det viktig at vi anerkjenner slike kjensler, og at vi reagerer og prøvar å forstå dei betre, seier Bjørlykhaug.

Samtalestartar

– Dette er jo ei bok vi helst skulle ha sloppe å skrive, men dessverre kjente vi oss tvinga til det sidan vi står overfor ein svært alvorleg situasjon. Håpet mitt er at boka kan funke som trøyst og som provokasjon. At ho kan vera ein samtalestartar og ein inspirasjon til handlekraft, seier Bjørlykhaug.

Han beskriv boka som eit forsøk på å starte ei kollektiv samtale om korleis vi forstår oss sjølve som art, og om korleis vi kan tenkje nytt om oss sjølve i ei tid der vi treng å tenkje breiare.

«Vi står nå i en tid der vi trenger å utvide vår empati når store valg må tas for å sikre livsgrunnlaget til dem som kommer etter oss», står det å lese på bokas vaskesetel.

Håp og handling

I arbeidet med boka har Bjørlykhaug og medredaktør Vetlesen vore opptekne av å løfte fram ulike perspektiv og historier for å få fram korleis krisa vert opplevd både frå minoritets- og majoritetsperspektiv og frå  ulike generasjonar og livsløp.

Boka har blitt til som eit breitt samarbeid mellom UiO, USN, OsloMet, Universitetet i Aalborg, Natur&Ungdom og Gunn Britt Retter, som er sjøsame og leiar i arktisk miljøavdeling i Samerådet.


Bjørlykhaug har med seg tre medforfattarar frå USNs faggruppe for psykisk helse og rus.

Førsteamanuensis Knut Tore Sælør har gjennom forskinga si mellom anna utforska samanhengen mellom samtidige psykisk helse- og rusproblem og oppleving av håp. I bokkapittelet sitt Psykisk helse, håp og en eskalerende klimakrise freistar han å knyte dette opp mot klimakrisa og ulike måtar å forstå håp på.

– Eit viktig poeng er at det ikkje er nok å håpe – vi må handle, og det må skje nå. Samstundes må vi tenkje på andre enn oss sjølve, anten det er i form av menneske eller andre former for liv som er med på å halde oppe det systemet vi er ein del av, seier Sælør.

Paradoks og ambivalens

Stipendiat Lise Katrine Jepsen Trangsrud utforskar i doktorgradsarbeidet sitt friluftsliv i relasjon til psykisk helse. I bokkapittelet sitt tar ho for seg ein del av paradoksa og dei ambivalente kjenslene mange løftar fram knytte til å vera i naturen, sett i lys av det som nå skjer.

– Sjølv om friluftsliv blir framheva som bra for oss menneske, så er det ikkje sikkert at friluftsliv er så bra for naturen, slik det blir drive på ein del område i dag. Vi må finne ut korleis vi kan forhalde oss til at friluftsliv også er ein del av dei utfordringane vi står overfor i natur- og klimakrisa, samstundes som vi løftar frem kjærleiken og styrken i naturopplevingane, seier Trangsrud.

Trangsrud håpar at ho gjennom boka kan inspirere, bidra til refleksjon, skape klangbotn for attkjenning og kanskje rykkje litt i nokre oppfatningar:

– Mange tenkjer kan hende at dei som driv med friluftsliv automatisk er opptekne av å verne om naturen og å ta vare på miljøet. Slik er det ikkje nødvendigvis. Og motsett er det mange som ikkje oppheld seg så mykje i naturen, men som likevel er djupt urolege for at vi er i ferd med å øydeleggje livsgrunnlaget for oss sjølve, og for dei som kjem
etter oss, seier ho.

Biofili

Rose-Marie Bank er hospitant ved USN og skriv i sitt kapittel om eigen erfaring med sjukdom og korleis ho oppsøkte naturen for å finne hjelp til å kome seg:

– Gjennom sjukdommen min fekk eg tid til å ta inn over meg delar av all denne naturen vi alle er ein del av, men som for mange av oss bare så vidt streifar bevisstheita vår i det daglege. Sjølv om historia mi er personleg, trur eg den på same tid beskriv noko generelt og viktig om betydninga av meiningsfulle relasjonar til nokon eller noko, seier Bank.

Ho vonar boka gjev leserane inspirasjon til å hente fram att barnleg nyfikne andsynes naturen.

– Eg trur biofili – kjærleik til naturen og alt levande – er avgjerande for vala vi gjer nå og i framtida. Vegane til kjærleik for naturen kan vera mange. Nyfikne kan vera ein av dei, seier Bank.