Den eldste lyden av Noreg

Olav Solberg foran mellomalderkyrkja i Bø, ein stad mange av balladesongarane var og nå ligg gravlagt.
Olav Solberg foran mellomalderkyrkja i Bø, ein stad mange av balladesongarane var og der nokon ligg gravlagt.

Professor emeritus Olav Solberg har vore ei av drivkreftene når det nå endeleg har lykkast å gje ut dei gamle, norske mellomalderballadane i ei vitskapleg utgåve.


Tekst: Helle Friis Knutzen

Det er ei storhending når nasjonalverket Norske mellomalderballadar blir lansert 22. november. Utgåva består av tolv bøker. Åtte av desse bøkene er digitale og inneheld tekstvariantar av 265 ulike balladar, dvs. alle som finst i Noreg. Fire av bøkene kjem i bokform og inneheld alle kjende melodivariantar, samt biografiar om alle songarane som har framført ballademelodiar her i landet.

Den eldste lyden av Noreg

Nasjonalbibliotekar Aslak Sira  Myhre poengterer at mellomalderballadane er den eldste lyden av Noreg som vi kjenner og kan attgjeve:

- I 700 år har balladane vore framført i heile landet, med ulike variantar av tekst og melodi. No har Nasjonalbiblioteket sluttført eit fantastisk arbeid med å samle og publisere dei ulike versjonane, og eg er veldig stolt av å presentere denne monumentale kulturarven. 

Utstilling og KORK-konsert

Utgjevinga blir markert med utstilling på Nasjonalbiblioteket. Her samtalar Olav Solberg om mellomalderballadar med Olemic Thommesen, Knut Reiersrud og redaktør i Bokmagasinet, Karin Haugen. Dagen etter blir det arrangert KORK-konsert med songarar som Kirsten Bråthen Berg, Kim Rysstad og Gunnhild Sundli. Aslak Sira Myhre leder konserten.

Vitskapleg utgåve

Olav Solberg er svært glad for at det nå endeleg finst ei vitskapleg utgåve av dei norske mellomalderballadane:

– Det er på høg tid at vi får ei vitskapleg utgåve på plass. Det har vore gjort forsøk i nærmare 150 år på å lage ei slik utgåve, utan at nokon har lykkast. At vi nå får det til, skuldast først og fremst at Nasjonalbiblioteket har finansiert arbeidet, og at vi som har utført jobben har samarbeidd godt. Dette er eit nasjonalverk på linje med saga- og eventyrutgåver, dette må Noreg ha! 

Sikkert forskingsgrunnlag

Verket vil ha uvurderleg verdi for forskarar og studentar. Det gjev eit sikkert grunnlag for dei som vil forske på enkeltballadar og i balladehistoria, og sjølvsagt også for alle andre interesserte.

Tidlegare utgåver bar preg av at ein sette saman strofer og vers frå ulike variantar til ein ny songtekst, som regel i modernisert språkdrakt, der vanskelege ord var fjerna, og der kanskje noko var dikta til av utgjevaren. Det er desse tekstane folk flest kjenner frå vise- og songbøker.

I den nye vitskaplege utgåva blir tekstane trykt slik dei opphavleg vart framført. Kvar einskild ballade blir presentert i form av fleire variantar, nøyaktig slik desse variantane vart skrivne ned første gong.

I tillegg til sjølve balladetekstane inneheld utgåva også innleiingar til kvar einskild ballade, med omtale av handlinga, den litteraturhistoriske bakgrunnen og med annan informasjon. Eit eksempel kan vere den første kjende mellomalderballaden vi kjenner i Noreg (og Norden), Riddaren i hjorteham, frå 1500-tallet.

Første digitalt samling

Dette er den første vitskaplege og digitale balladeutgåva. Det er fleire fordelar med digitale utgåver, ikkje minst er tilgangen til balladetekstane enkel. Ein kan lese tekstane på skjerm om ein ynskjer det, eller ein kan skrive dei ut enkelt- eller gruppevis – eller setje saman eit utval med sine eigne favorittar. Ein annan stor fordel er at eventuelle feil lett kan rettast opp:

Vi vonar sjølvsagt at utgåva skal vere feilfri, seier Olav Solberg, men legg til at det nesten er uråd å unngå småfeil i eit så stort verk.

Bilde av bind tre i bokverket

Løfter fram songarane

For første gong får vi i dette verket og vite kven songarane var:

- Når det gjeld melodiane – som altså blir trykt i bokform – har vi skrive biografiar om alle dei 370 songarane vi kjenner namnet på. Biografiane kjem i eit omfattande registerband til melodiutgåva. Songarane er på mange vis hovudpersonane, utan dei hadde vi ikkje visst noko om den norske balladetradisjonen.

Ein av dei fremste norske balladesongarane heitte Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr og var frå Mo i Telemark. Ho song heile 76 balladar for balladesamlaren og språkforskaren Sophus Bugge, på midten av1800-talet.

Om koordineringa

Liv Kreken på Nasjonalbiblioteket har koordinert samlinga. Ho fortel at det har vore svært givande å arbeide med denne publiseringa:

 - Redaksjonen har hatt ei unik samansetting, med kompetanse innan musikkvitskap, edisjonsfilologi, litteratur, folkloristikk og administrasjon. Dette faglege mangfaldet har gjort at me har hatt eit godt grunnlag for å gjennomføre prosjektet. Samstundes har det ført med seg ein god del diskusjonar, som har vore nyttige for å forankre verket i ulike miljø.

Liv Kreken fortel og at i byrjinga av prosjektet gjorde skrantande økonomi at arbeidet gjekk noko i rykk og napp, men ein samla redaksjon har heile tida har vore samd om at dette skal me få til!

Etter at me gjekk inn i Nasjonalbiblioteket i 2014 og fekk trygga økonomien, vart arbeidsvilkåra lettare, og me har kunna konsentrere oss om å gjere prosjektet ferdig.

 

 

 

 

Fakta: mellomalder-balladar

Dei første spora av mellomalderballaden som sjanger kjenner vi frå dei tre såkalla «Eufemiavisene», ved inngangen til 1300-talet. Dette er tre versromanar, lange og spennande forteljingar på vers. Eufemiavisene er skrivne på svensk, og det var dronning Eufemia som tok initiativet til at dei vart omdikta til dette språket – for å gjere stas på den svenske prinsen Erik. Han skulle gifte seg med Ingebjørg, dotter til Eufemia og den norske kongen Håkon V.

Eufemiavisene inneheld formlar, ståande vendingar, som går igjen i balladediktinga. Desse formlane viser at den som førte Eufemiavisene i pennen, hadde balladen klingande i øyra.

Den aller første nokolunde fullstendige balladeteksten vi kjenner, er frå Telemark. Det er Riddaren i hjorteham, frå 1500-talet.

Balladane blir ofte delt inn i 6 grupper:

  • Naturmytiske balladar
  • Legendeballadar
  • Historiske balladar
  • Riddarballadar
  • Kjempe- og trollballadar
  • Skjemteballadar

Tre av dei mest kjende norske balladane er  Draumkvedet, Tordivelen og fluga og Villemann og Magnhild.  

Balladen er formelt enkel, med to eller fire verslinjer og eit fast omkvede. På sitt beste er balladen stor og gripande dikting som handlar om dei viktige spørsmåla i livet. Den har inspirert kjende diktarar som Ibsen, Undset og Kinck.

Dei fleste norske balladetekstane blei samla og nedskrevne på 1800-tallet. Det var ein viktig del av nasjonsbygginga og ønskje om å vise fram det særskilt norske i denne perioden.

Om Olav Solberg

Olav Solberg er professor emeritus ved Høgskolen i Søraust-Noreg. Han er ein av dei fremste forskarane her i landet på mellomalderballadar, og har skrive doktorgrad om skjemteballadar. Solberg har gjeve ut ei rad bøker, blant anna om Sigrid Undset, om eventyr og andre former for folkedikting og om såkalla «drapsbrev» eller kriminalhistorier frå seinmellomalderen.