Det trengst fleire bunadsprodusentar i framtida

Det ligg mykje handarbeid i ein bunad.
Det ligg mykkje handarbeid i ein bunad.

Mindre broderi vil føre til kortare produksjonstid og rimelegare bunader laga av lokale hender.

Mari Rorgemoen, som er fyrsteamanuensis ved USN sitt institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved studiestad Rauland, er redd gamle bunadstradisjonar kan døy ut om ikkje fleire unge lærer seg tradisjonshandverket.

- Kunnskap om bakgrunn for bunadene våre og handverk er viktig for å forstå verdien av norsk produksjon og pris. Om ein studerer gamalt folkedraktmateriale, som er utgangspunkt for bunadene, så ser ein at det gjerne er mindre broderi. Desse variantane vil ta kortare tid å lage og handverkaren vil da få betre betalt om prisnivået er det same, seier Rorgemoen.

Mari Rorgemoen syner fram eit av bunadsbroderia dei har på studiestad Rauland. Foto: Anne Margit Barstad

Må setje rett pris

Rorgemoen fullførte nyleg eit prosjekt om immateriell kulturarv og tradisjonshandverk. Der såg ho og Marte Haugerud, som er kultur- og næringskonsulent i Telemark fylke, på nye metodar og strategiar for overføring av handlingsboren kunnskap. Våren 2016 fekk Norges husflidslag og Høgskulen i Søraust-Noreg midlar frå Oslofjordfondet og Norsk forskingsråd til å arbeide med prosjektet «Immateriell kulturarv og tradisjonshandverk». Målet med prosjektet har vore å utvikle ein modell og metodikk for å dokumentere og overføre handverksteknikkar som er i ferd med å døy ut. Modellen og metodikken skal kunne overførast til andre felt som arbeider med handlingsboren kunnskap og immateriell kulturarv innan husflid- og handverksfeltet. Intensjonen er at prosjektet skal ha eit verdiskapings- og næringsaspekt på sikt.

- Da me følgde prosjektet lokalt i Vest-Telemark såg me mellom anna at det ikkje var forskjell på pris når det kom til enkel eller dobbel kanting av bunadene, men at det er stor skilnad på arbeidsmengde. Dei som lagar bunadene må vera med på bevisstgjeringa av kor mykje arbeid som ligg i ein bunad, seier Rorgemoen.

 

Tettare på i bygdene

Haugerud og Rorgemoen fann også ut at informantane i prosjektet deira ikkje brydde seg om pris bare dei fekk solid handverk, tradisjon og kvalitet. Lokal produsent vart vald fordi dei visste at vedkomande hadde mykje kunnskap om bunad. På bygda er kanskje kunden vant med tettare kontakt med handtverkaren.

- I bygdene er me nok tettare på produksjonen. Somme har arva gamle draktdelar etter eldre familiemedlemer som dei ønskjer å ta i bruk i dag. Me ser at det er mange ledd og aktørar som må til for å skape ein bunad. Nokon broderer bunanden, andre skjorta. I tillegg må nokon montere og andre veve band, seier Rorgemoen.

Mogleg med bunadsutdanning

Ho meiner også at lite vekt på tradisjonelt tekstilhandverk i grunnskulen og på vidaregåande skule kan ha ein innverknad på om nye hender kjem til den tradisjonsrike handverkskunsten. Det finst framleis utdanning innan faget på vidaregåande nivå med fagbrev. Så det er fullt mogleg å ta høgare utdanning med fokus på folkedrakt og bunad, mellom anna på master- og doktorgradsnivå ved USN.  

- Bunadetilverking er ei berekraftig næring. Det trengst fleire bunadprodusentar i framtida og det er fullt mogleg å ha det som levebrød. Dette er eit meiningsfullt yrke, men styrtrik blir ein nok ikkje, avsluttar Rorgemoen.