Eit løft for campus Rauland

Illustrasjon av nye campus Rauland tegnet av Sør Arkitekter
Slik blir nye campus Rauland. Illustrasjon: Sør Arkitekter

Ny tekstilsal, verkstader og utstillingsrom – det er mykje å gle seg til for studentar og tilsette på campus Rauland.

– Dei siste tre åra har det gått med mange timars planlegging av korleis bygget skal sjå ut. Sidan bygget stod ferdig har det blitt strengare krav både til universell utforming og HMS. Nå gler vi oss til nye, funksjonelle lokale som kan auke tryggleiken og heve kvaliteten på studia, seier instituttleiar Stian Roland.

Universitetet i Søraust-Noreg har underteikna ny leigeavtale med Raulandsakademiet, som eig bygningane. Nå blir det mellom anna ny hovudinngang og felles resepsjon med Raulandsakademiet, nye kontor, ny tekstilsal, rom som er lagde til rette for utstillingar og fleire fleksible verkstadrom som kan brukast av studentar som jobbar med både tre og metall.

I tillegg til utbygginga har Vinje kommune gjeve pengar til gatelys ned mot campus, som bidreg til å løfte fram og synleggjera studiestaden i bygda og gjera vegen tryggare.

– Det er svært positivt at vi har ein vertskommune som vi kan spela så godt på lag med, seier Roland.

Tidlegare start enn venta

Første arbeidsdagen etter påske byrjar A til Å Entreprenør AS å gjera klart for byggestart i Rauland. At campusen er tom på grunn av koronakrisa, gjer at bygginga kan gå raskare.

– Nå som bygningen er tom, ser vi at vi kan starte opp med innvendige bygningsarbeid som elles ville ha påverka folk. Vi har også tilgjengeleg mannskap som har fått stopp på andre prosjekt, seier Geir Olav Lurås, dagleg leiar i A til Å Entreprenør AS.

Etter planen skal dei nye lokala vera ferdige i januar 2021. Lurås anslår at mellom 800 og 900 kvadratmeter på campus får endringar som følgje av ombygginga.

– Det blir eit skikkeleg løft for Rauland, seier han.

Nye studentbustader

Før påske kom også nyheita om at Kunnskapsdepartementet løyver pengar til 2000 nye studentbustader over heile landet, mellom anna i Rauland, Porsgrunn og Ringerike. For campus Rauland inneber dette 20 nye studentbustader, som er tenkt plasserte tett på skulen for å skape ein kompakt campus.

– Vi har sett ein auke i søkjartal dei siste åra, og treng dermed fleire studentbustader. Dette er svært gledeleg, seier Roland.