Eit meir inkluderande reiseliv

Fekk midlar: Forskningsrådet gjev 2,2 millionar kroner i midlar til «Opplevingar for alle». Foto: iStock
Fekk midlar: Forskningsrådet gjev 2,2 millionar kroner i midlar til «Opplevingar for alle». Foto: iStock

HSN er med på å forme eit meir ope og rikare reiseliv. Prosjektet «Opplevingar for alle» skal bidra til å gjere reiselivet meir inkluderande og opplevingane rikare for alle.

Dei siste åra har det vore stort fokus på å legge fysisk til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Mellom anna ved å gjera det enklare å bruke stiar i skogen og fiskeplassar. Nå vil HSN  ta dette eit skritt lenger. Med fyrsteamanuensis Ingeborg Nordbø i spissen, deltek HSN i ei arbeidsgruppe som har fått 2,2 millionar kroner i støtte frå Forskningsrådet.

- Det finst mykje som er tilrettelagt i reiselivet også, men veldig lite av dette er kommunisert ut til gjestene våre. Ein del av prosjektet «Opplevingar for alle» vil gå ut på å få til nettopp dette. Det er viktig at reiselivet får på plass eit system til å fomidle denne bodskapen for dei av gjestene som treng meir detaljert informasjon når dei skal planlegge kvar dei skal reise, seier Nordbø.

Oppleve eventyr

Endringar i treknologi, og endringar i aldersgrupper som vil ut å reise, gjer at reiselivet forandrar seg. Me har store grupper av aktive eldre som vil ut og oppleve eventyr og spaning, men det er ein samanheng mellom aldring og nedsatt funksjonsnivå. Hørsel og syn er til dømes noko som endrast med alderen. Allergi er eit anna problem som kan få reisande til å nøle.


Fyrsteamanuensis Ingeborg Nordbø


 

- Kulinarisk akademi, NCE Tourism, Vest-Agder fylkeskommune og Nordlandsforskning er også med i «Opplevingar for alle». Det geografiske spekteret er breitt og løysingane kan brukast over heile landet. Me er ei samkøyrt arbeidsgruppe. Det er viktig i ein slik prosess. Tanken er å få med bedrifter og brukarar til å finne gode løysingar, seier Nordbø.

Sjølv om det er grenser for kva arbeidsgruppa kan få til i løpet av prosjektperioden, så har dei klare mål for kva som kan hjelpe Noreg til å vere ein konkurransedyktig reisedestinasjon. Mellom anna å forstå kva for drivarar som påverkar vala til gjester som treng litt meir tilrettelegging, og kva som skal til for å optimalisere opplevinga.

- Eit av pilotprosjekta vil vera å gjere det som alt eksisterer av tillrettelegging og tilrettelagte produkter synleg og tilgjegeleg, seier Nordbø.

Inkluderande samfunn

- Ei funkjsonshemming kan vera så mangt. Me skal mellom anna sjå på korleis ny teknologi kan gjere at reiselivet kan vera med på å gje eit meir raust og inkluderande samfunn, seier Nordbø.

Ho fortel at å legge til rette for større grad av til dømes lukt og berøring kan forsterke opplevinga til både dei med og dei utan funksjonshemming. «Opplevingar for alle» skal handle om at kritiske barrierer som hindrar ei saumlaus reise skal identifiserast ved å bruke design-tenkande metodikk (design thinking-metodikk).

Prosjektet skal saman med bedrifter og i frå nokon av dei storereiselivsklyngene, teste ut ein eller fleire pilotar, for ei eller fleire typer funksjonshemming. Uttestinga skal generere ny kunnskap, praktiske modellar, og løysingar som kan overførast til andre bedrifter i reiselivet. Prosjektet knyt teknologi, kultur og næring med offentleg forvaltning og NCE turisme og forskingsinstitusjonar saman for å gje tilgang til reiselivet for nye målgrupper, utvide sesongen og bidra til sysselsetjing heile året. Eit reiseliv for alle vil gje ein smittande effekt for andre målgrupper, og vil bidra til ei merkevarebygging av Noreg som ein inkluderande og berekraftig reiselivsdestinasjon.

- Det er viktig å dra inn bedrifter og næring i denne dialogen. Frå HSN si side er det forskingsgruppa «Berekraftig reiseliv» som deltek, seier Nordbø.

Fleire bedrifter er kontakta og dei har sagt seg villige til å vera med.