Endeleg studiestart

fadder løfter hendene i været og viser seierstegnet foran nye studenter ifm studiestarten 2021 på campus Vestfold
VELKOMEN: Nye studentar blei tatt hand om av blide fadrar. (Foto: Knut Jul Meland / USN)

Spøkelsesstemninga på campus er borte. Forventningsfulle fyrsteårsstudentar og feststemte fadrar glimra med sitt nærvær då studieåret 2021/2022 blei opna.

– Eg føler meg som ei lita jente att. Eg kjenner ingen, det kriblar i magen og alt er heilt fantastisk, seier fyrsteårsstudent Silje Hansen, som i dag var på campus Vestfold for aller fyrste gong.
 
 Fyrsteårsstudent Silje Hansen Nærare 18.000 studentar møter fram til undervising på USN denne hausten. 16. august var det dei heilt nye studentane som blei prioritert: Dei hadde campus for seg sjølve – masse med plass og gode kår for å oppretthalde smittevern.

– Vi byrjar å kunne dette her no, så noko koronaangst har eg ikkje, nei. Den er utradert til fordel for gleda over å være i nokolunde normale omgjevnadar med folk og endeleg litt baluba, seier fyrstårsstudent Silje Hansen, som no tar fatt på ein bachelor i økonomi og leiing.

Digital tale

Sjølv om mykje er som det ein gong var, så blei studiestarten også i år noko annleis enn kva vi er vande med. Borte var den levande musikken og det maurtueaktige som plar prege starten på eit nytt studieår. Og rektor sin tale blei levert på storskjerm. Han oppmana alle til å vere aktive studentar:

– Lytt, les, tenk og still spørsmål. Ta i bruk alle kreftane du har. Og ta imot tilboda du får om å delta  i studiegrupper og andre studentfellesskap. Ta óg fritida og gleda på alvor. Det er viktig å ha det gøy, og det er viktig å få gode venar. Mange venskap blir til på universitetet og mange av dei varar livet ut, sa rektor blant anna.

– Hopp i det

Leiaren for Studentdemokratiet ved USN, Victor Grunde Simonsen, var og bland dei som leverte ein digital tale til dei nye studentane. Han kjenner seg godt att i mange av kjenslene som mange nye studentar ber på:

– Personleg kom eg hit heilt ny og veldig sjenert. Det var ikkje så lett for meg å bli kjent med andre, og eg sleit med den dørterskelen. Men eg fann noko eg engasjerer meg i og hoppa i det. Det var skummelt i starten, men resultatet er at eg har fått mange nye vener, sa Simonsen.

Han minna om at det er mykje anna enn berre studentpolitikk ein kan drive med ved sidan av studiane, til dømes idrettslag, linjeforeningar, fadderstyret, studentsamfunn, tur-grupper og mykje anna.

Frå fjetra til klar

Bland dei som «hoppa i det», var sjukepleierstudentane Falke Lidsheim, Karoline Hvidsten og Ane Katinka Marken Bekkevold. 

– Vi møtte kvarandre for fyrste gong nett no og fann ut at alle var i same båt: Ingen av oss kjenner nokon på campus. No kjenner vi alle tre i alle fall to andre, seier Falke.

KLARE: (f.v.) Sjukepleierstudentane Falke Lidsheim, Karoline Hvidsten og Ane Katinka Marken Bekkevold.

Trekløveret er samstemte: Fyrsteinntrykket av USN har vore bra.

– Før eg kom hit var eg litt fjetra. Eg hadde fått fleire e-brev med mykje informasjon som det har vore litt mykje å finne ut av aleine, men dei har vore gode på å lose meg gjennom alt i dag, så eg har fått ein betre forståing og kjenner meg mykje meir klar no, seier Karoline.

Ane Katinka nikkar.

– Eg er klar for å studere, møte nye folk, få nye inntrykk og lære nye ting. Dette skal bli bra, seier ho.

Fadrane var sterkt til stades, og etter opningsseremonien tok dei føringa, slik at dei nye studentane flaut saumlaust over i fadderveka.

FADRAR: Ingen faddarveke utan. (Foo: Knut J. Meland)

Hjelpehjørne

På alle campusar ved USN er det hjelpehjørne, der studentane kan få svar på alt frå kor auditoriar ligg til korleis dei godkjenn studieplanen sin, eller kor dei får kjøpt den beste kaffien.

Det var full fart på hjelpehjørna på søndag, da nye studentar var invitert til å sjå sin campus. Og på måndag fekk Kamilla i hjelpehjørnet i Bø mange spørsmål frå nye studentar:

– Dei er så glade for at vi er her for å hjelpe dei. Det kan bli litt kø i studentekspedisjonen og hos studierettleiarar, og då er det fint å kunne få hjelp her i inngangen i tillegg.  

 Hjelpehjørna er opne frå klokka 9 til 15 fram til og med 20. august.Marie er kommet fra Danmark for å begynne på friluftslivsstudier og var riktig glad for den hjelpen hun fikk av Kamilla i hjelpehjørnet.