Fastlands-Noreg har ikkje bioklimatisk arktisk vegetasjon

Alle som har gått oppover mot fjellområde har observert ein gradvis reduksjon av treas høgde og dominans før trelause fjellheier overtek heilt. Gauri Bandekar (29) frå Goa i India har teke doktorgraden sin ved USN for å sjå nærare på dette.
Alle som har gått oppover mot fjellområde har observert ein gradvis reduksjon av treas høgde og dominans før trelause fjellheier overtek heilt. Gauri Bandekar (29) frå Goa i India har teke doktorgraden sin ved USN for å sjå nærare på dette.

Temperaturforholda både i skogane og lyngheiene lengst nord i Noreg indikerer begge at desse områda ikkje høyrer til Arktis.

Gauri Bandekar (29) frå Goa i India har gjennom Fakultet for teknologi, naturvitenskap og maritime fag ved Universitet i Søraust-Noreg (USN) studert ulike temperaturfaktorar ved skoggrensa i sju område i Sør-Noreg og 28 område langs Finnmarkskysten der skogane har sin nordgrense.

Dette har ho gjort for å finne ut om skoggrensene i alle desse områda er avgrensa på grunn av temperaturen.

Tysdag 18. juni forsvarte ho dokorgraden sin i økologi «Importance of air and soil temperatures for bioclimatic delimitations in Norwegian mountains» ved USNs studiestad Bø. Da la ho fram bevis for at me ikkje har bioklimatisk definert arktisk vegetasjon på fastlands-Noreg.

Gauri Ganpat Bandekar disputerte doktorgraden «Importance of air and soil temperatures for bioclimatic delimitations in Norwegian mountains» ved USNs studiestad Bø 18. juni.

– Me må forvente at temperaturen er nokolunde lik alle stadar. Viss ikkje, må andre faktorar vere viktige og skoggrensene vera klimatisk bestemte. Eit sentralt punkt har vore å samle inn økologiske data som kan bidra til den pågåande diskusjonen om Finnmarkskysten skal vera innlemma i den arktiske sona eller ikkje, seier Bandekar, som har samanlikna prøvene sine med tidlegare prøver frå 1961 fram til 1990.

Her kan du sjå kva for doktorgradar du kan ta ved USN.

Treng meir forsking

Bandekar valte seg Finnmarkskysten fordi området er øyde og ikkje forska så mykje på. Nå meiner ho det trengst meir forsking på området. Faktorar som dyreliv, regnfall og planteliv må undersøkast nøyare.

– Det er unikt, seier doktorgradstipendiaten, som tidlegare har fullført mastergrad ved Savitribai Phule Pune University i India.

I meir enn hundre år har forskarar forsøkt å finne forklaringar på kvifor treas utbreiing reduserast mot høgda.

Undersøkingar har vist at ei rekke faktorar kan vera viktige. Dersom ikkje andre faktorar er kritiske, er det vist at sommartemperaturen er viktigast.

Tidleg blei det påvist at skoggrensa avgrensast i område der middeltemperaturane i juli (målt i luft) ligg under 10 °C og dette karakteriserer den klimatiske skoggrensa.

Denne verdien har ofte blitt brukt for å definere temperaturforholda i fjellet over skoggrensa og i Arktis nord for skoggrensa.

Gauri Bandekar held her på med økologiske undersøkingar på Nordkapp-platået. Undersøkingane indikerer at lyngheiene nord for skoggrensa i Finnmark ikkje er i samsvar med dei økologiske forholda som karakteriserer arktisk vegetasjon. Foto: Arvid Odland

Nyare regionale undersøkingar har likevel vist at temperaturforholda ved skoggrensa kan variere mellom 8 og 12 °C. Dette indikerer at andre faktorar kan vera kritiske.

– Temperaturforholda både i skogane og lyngheiene lengst nord indikerer begge at desse områda ikkje høyrer til Arktis, seier Bandekar.

Hennar konklusjon er difor at på Norges fastland finst det ikkje ein bioklimatisk definert arktisk vegetasjon. Både klima, jordsmonn med fråvær av permafrost, flora og vegetasjon, skil seg i vesentleg grad frå det me finn i arktiske område.

LES OGSÅ: Dette bleieinnlegget tar urinprøve

Treng fleire faktorar

Luft- og jordtemperaturforholda blei registrert dagleg gjennom eit år i 126 prøveflater i skoggrenseområda. Jordprøver blei også samla inn og analysert.

I tillegg blei kystlyngheiene nord for skoggrensa undersøkt og samanlikna med tilsvarande data frå dei arktiske områda Bjørnøya og Spitsbergen. I alle områda blei floraen og vegetasjonen undersøkt.

– Dataa blei analysert ved statistiske metodar for å finne ut kor like eller ulike temperaturane var i dei forskjellige områda. Resultata viste at både luft og jordtemperaturforholda i områda kunne variere i stor grad, seier Bandekar, som bruka mykje tid i områda der prøvene blei teke.

I Sørvest-Noreg og på Finnmarkskysten var temperaturane i skoggrensene høgare enn i Søraust-Norge. Dette indikerer at skogane i nord og vest ikkje veks ved den kritiske temperaturgrensa si, men truleg er avgrensa av andre faktorar.

Den nærliggande forklaringa på dette er at mangel på høge fjell og tilgjengelege landområde i nord avgrensar utbreiinga av skogane. Dette indikerer at verken den alpine skoggrensa i Sørvest-Noreg eller skoggrensene langs Finnmarkskysten er avgrensa av temperaturane.

– Global oppvarming har ført til dette. Om me finn andre faktorar kan me gjere noko med dette, seier Bandekar.

LES OGSÅ: Smarte oppfinnelser under Expo 2018