Fekk varsel om fiske, kjærleik og død i jula

På utsida: Før i tida søkte folk utanfor den varme julestua for å få greie på kva framtida ville bringe av kjærleik, liv og død.
På utsida: Før i tida søkte folk utanfor den varme julestua for å få greie på kva framtida ville bringe av kjærleik, liv og død.

I tidlegare tider brukte folk jula på å søke varsel om kva som ville skje det neste året.


Fyrsteamanuensis ved institutt for kultur, religion og samfunnsfag, Herleik Baklid, ved Universitetet i Søraust-Noreg gvil fram mot jul gje deg ei eit innblikk i norske juleskikkar. I dag tek han for seg temaet varseltaking.

– Menneska er opptatt av å få varsel om ting me ikkje har full kontroll over, som livet og forhold til andre menneske, seier Baklid

LES OGSÅ: «Úti vill jól drekka» – juleølets historie i Noreg

Aktive makter

Julehøgtida er ei tid der maktene er aktive, og ute og farer.

– Da er det mogleg å få eit glimt inn i framtida, seier historikaren.

Han fortel at før i tida søkte folk etter varsel angåande vêret, komande avling og kor det beste fisket var. Ungdomen var interessert i kven dei skulle gifte seg med, eldre var meir opptekne av kven som skulle forlate livet.

Alt dette var knytt til kvelden juleftan eller natt til fyrste juledag.

– Dette har me oppteikningar av frå 1700-talet, men det anten endra seg eller gjekk ut på slutten av 1800-talet.

LES OGSÅ: Fjøsnissen måtte ha graut

Rett bolle

Ei av oppskriftene seier at ein skulle kle julestolen. Da pynta den vitelystne ein stol med finkleda ein gjekk med til kyrkja og det måtte ikkje mangle så mykje som ei knappenål. Tre bollar blei plassert på bordet framom.

Ein med øl, ein med mjølk og ein med vatn.

– Ved midnatt kom den utkåra. Drakk denne personen av ølet kom det til å bli velstand. Smakte han på mjølka blei det eit greitt økonomisk ekteskap, men tok han av vatnet blei det fattigdom og elendigheit, seier Baklid.

Ei historie frå Bø fortel om ein tenestegut som sat i høgsetet og framom hadde han plassert desse tre bollane.

Mannen og kjerringa (kona) på garden hadde lagt seg. Da det leid mot midnatt kom kjerringa og drakk av ølskåla til tenesteguten. Dagen etter spurde ho tenesteguten om det hadde kome nokon i løpet av natta. Da sa tenesteguten at kjerringa hadde øydelagt alt saman, men det kunne ikkje ho hugse og blei forskrekka. Så blei mannen på garden sjuk og døydde, og kjerringa blei faktisk gift med tenesteguten.

LES OGSÅ: Lucia og Lussi: Ei god og ei ond

Baklengs salme

Ei anna varseltaking var å ta ei kake i handa julekvelden og gå ut. Gå baklengs rundt huset tre gonger samtidig som ein las «Fader vår» baklengs. Da ein kom til døra for tredje gong skulle ein møte den ein skulle gifte seg med.

Skulle ein derimot bli ugift, så møtte ein likkista si.

– For å kome i kontakt med maktene som visar framtida, så skal ein handle motsett av det ein gjer til dagleg, seier Baklid.

Fyrstedag jul kunne ein også sjå under bordet. Fann ein margfulle korn ville det bli ei god avling. Om ein fann tomme korn blei det mager avling.

– Dette må sjåast i samanheng med at folk gjerne hadde halm på golvet før i tida, forklarar Baklid.

Dødsvarsel

Langs kysten skreiv dei namna på fiskevera på kanten av eit fat juleftan. Fatet blei deretter fylt med sjøvatn og flatbrød blei lagt oppå. Dette blei sat vekk over julenatta.

– Neste morogon skulle ein gå bort til fatet utan å seie eit ord. Der det hadde samla seg flest luftbobler i vatnet under flatbrødet skulle det bli best fiske, seier Baklid.

Det finst også uttrykk som «om ikkje alle julemerker slår feil». Det kjem av at vêret 1. juledag markerte korleis vêret i januar ville bli. 2. juledag viste februar og så vidare. Dette merka dei gjerne inn i ein bjelke i huset.

Uttrykket ei følgje attende til 1300-tallet.

– Det fanst også dødsvarsel. Da skulle ein snike seg ut medan alle sat rundt bordet julekvelden og gå tre gonger rundt huset. Så såg ein inn vindauget. Sat nokon hovudlause, så kom vedkomande til å dø i løpet av året, avsluttar Baklid.

Kjelder: M. B. Landstad si bok «Høytidsskikkar og kvardagstradisjon», Tov Flatin sine bøker «Gamalt frå Numedal» og Olav Nordbø si bok «Før i tida. Gamalt frå Bøherad».