Feltarbeid i -15 grader på Svalbard

Sondre Kvalfoss, Elias Håndlykken og Nora Hansen på Svalbard.
Sondre Kvalfoss, Elias Håndlykken og Nora Hansen på Svalbard.
Sondre Kvalfoss, Elias Håndlykken og Nora Hansen på Svalbard.
Sondre Kvalfoss, Elias Håndlykken og Nora Hansen på Svalbard.

Tre studentar på årsstudium i geografiske informasjonssystemer ved USN er for tida på Svalbard der dei gjer viktige målingar for å førebygge snøskred i Longyearbyen.


Sondre Kvalfoss, Elias Håndlykken og Nora Hansen er no Svalbard og har sendt oss eit lite reisebrev der dei fortel om jobben deg gjer og korleis det er å bu på Svalbard:

Heilt konkret går feltarbeidet vårt ut på å måle inn oppsamla snø som ligg bak snøsamleskjermane på Sukkertoppen. Desse er bygd for å samle opp snøen som elles kunne ha laga ein rasfarleg skavl over byen. Det gjer me ved å måle mange punkt med GPS over heile snødungen, slik at me kan lage ein 3D-modell av snøen.

Med denne 3d-modellen kan ein rekne ut volum, form og storleik på den oppsamla snøen, som kan dokumenterte kor godt snøsamleskjermen verkar. I tillegg målar me snødjupna med søkestang. Det betyr at me har gått oppe i lia med vår GNSS-mottakar (veldig nøyaktig GPS som vanlegvis brukast i landmåling) i kulde og sterk vind.

Vêret har vore ei utfordring. Ikkje nødvendigvis fordi det har vore so kaldt for oss, det har vore rundt -15 jamt, men utstyret går veldig fort tomt for batteri. Den største påkjenninga på folk har vore vinden!

Fyrste dagen me skulle ut og måle bles det liten storm. Det var "stygg trekk", som han Sondre seier. Dei andre dagane me har vore ute har det også blåse fælt. Då er det ikkje berre å legge frå seg vottane for å fikle med utstyret, som gjer at alt tek litt lengre tid.

I tillegg må me ha med opp signalpistol for å kunne skremje bort isbjørn når me er ute. Isbjørnfaren er stor, og i det siste har det vore isbjørn både i og rundt Longyearbyen. Når når alt dette er sagt er det veldig artig med litt utfordring! Det er meir lærerikt å drive feltarbeid i meir utfordrande omstende. Me har ikkje funne ut noko konkret endå. Men må få data inn på pcen og jobba litt med dei fyrst. 

Det å vere på Svalbard er ei oppleving i seg sjølv. Til å vere verdas nordlegaste faste busetnad er Longyear ein livlig liten by som kan minne om ei vanleg bygd på fastlandet. Samstundes er det flott å sjå den storslegne naturen og kjenne på den rå arktiske vinteren. Me har sett både villrein og fjellrev på nært hald. På grunn av isbjørnfaren og det at me ikkje har fått tak i våpen har fritida gått med på å utforske byen, men me håpar på å få oss ein tur på isbreane i morgon!

Sidan me var so heldige å få plass på studentbustadane har me også teke del i studentlivet på UNIS, som har vore veldig kjekt. Me kosar oss her i Longyearbyen!

Helsing frå Elias, Sondre og Nora

Faktaboks 
 

I kurset prosjektarbeid i Geografiske informasjonssystemer årsstudium har studentane Elias Håndlykken, Sondre Kvalfoss og Nora Hansen vore på Svalbard i 10 dagar.

Her har dei gjort undersøkingar av snøoppsamling rundt dei nye skredgjerda som er blitt monterte i fjellsida av Longyearbyen.

Skredgjerda skal verne byen etter dei fatale snøskreda som råka Svalbard-samfunnet i 2015 og 2017.