Fjøsnissen måtte ha graut

Dette bildet av fjøsnissen har kunstner Julius Holck malt i 1895.  Lånt av Nasjonalbiblioteket.
Dette bildet av fjøsnissen har kunstner Julius Holck malt i 1895. Lånt av Nasjonalbiblioteket.

Han er liten, gråkledd og på toppen av hovudet sit ei lang raud lue. For gardsfolket var det viktig å halde seg inne med fjøsnissen, også kalla haugtussen.

(En julegod reportasje fra noen år tilbake, hentet opp fra USN-redaksjonens egen nissesekk).

– Me kan følge fjøsnissen tilbake til 1700-talet, men han kan vera eldre. Det manglar informasjon om han frå 1600- og 1500-talet, seier Herleik Baklid, fyrsteamanuensis ved Institutt for kultur, religion og samfunnsfag på USN.
Herleik Baklid.

Passa fjøset

Gardsfolket visste å stryke fjøsnissen, også kalla haugtussen, med håra. Han passa på fjøset og sytte for at dyra skulle få mat.

– Han må ikkje samanliknast med den kommersielle nissen. Fjøsnissen har sitt utspring i gardvorden eller rudkallen, det vil seie han som rydda garden. Det heile heng saman med eldgamal forfedre-tru, seier Baklid.

Det var om å gjere å stelle godt med fjøsnissen. Han blei akta med å få ei grautskål på låven julekvelden.

LES OGSÅ: Fekk varsel om fiske, kjærleik og død i jula

Stal høy

Fjøsnissen var med i dagleglivet året rundt. Om det byrja å bli lite fôr til dyra, kunne haugtussen reise over til nabogarden og stele høy.

– Ein gong var to av dei ute i same ærend og barka saman i slåstkamp. Morgonen etter var det ikkje så mykje som eit høystrå att på staden dei slåst, fortel Baklid.

Eit anna segn går ut på at det ikkje løner seg å stele grauten til fjøsnissen julekvelden. Dette fekk ein tenestegut i Ogndal i Trøndelag erfare.

– Tenesteguten åt opp grauten til nissen da han skulle setje den ut på låven. Fjøsnissen blei så sinna at han treiv tenesteguten og sette han tvikrokut i stallgluggen. Der blei han sitjande til fyrstedag jul. Da han blei funne var han heilt utslitt eller klar som dei sa, fortel Baklid.

Ein annan som åt opp grauten blei svært uroa ved leggetid og måtte påkalle Jesus for å få fred. Me ser trekk om at det overnaturlege hemner seg om normene for åtferd blir brote.

LES OGSÅ: «Úti vill jól drekka» – juleølets historie i Noreg

Regulerte dagleglivet

Baklid legg til at det sikkert ikkje var alle som trudde på slike fenomen, men blei ein skikk brote hos truande kom det som regel sanksjonar.

– Overnaturlege vesen regulerte arbeidsliv, forhold til andre menneske og korleis ein nytta naturen. Om du var snill, så hjelpte vesenet tilbake, seier fyrsteamanuensisen, som har som har forska på norske norske høgtidstradisjonar som føregikk mellom ca. 1100- til 1900-talet.

Tekst: Else Børte. 

Les om andre julesaker frå historikar Herleik Baklid