Folkekunst i moderne design

Student i arbeid med ein digital vev. Foto
Ein av studantene frå kunsthøgskulen i Budapest på besøk ved campus Rauland i januar. Her matar ho inn informasjon til ein digital vev.

HSN og kunsthøgskulen i Budapest har samarbeida om korleis folkekunst kan nyttast i moderne design. Resultatet synast fram under Budapest Design Week og kjem snart til Noreg.


Tekst: Knut J. Meland

– Folkekunst er vår kultur. Kvifor skal me ikkje nytta han i moderne design? spør Eszter Revesz på retorisk vis.

Ho underviser ved avdeling for tekstil ved kunsthøgskulen i Budapest: Moholy-Nagy University of Art and Design (MOME). I halvanna år har MOME vore involvert i eit omfattande prosjekt i lag med HSN. Der har studentar frå folkekunststudiane ved campus Rauland og designstudentar frå MOME har freista å skapa dagens og morgondagens tradisjonar, basert på norsk og ungarsk folkekunst.

Avdekker samanhengar

Bodil akselvoll. Foto–  Sidan prosjektet tok til i januar 2015 har det vore eit mål å avdekka samanhengar mellom tradisjon og moderne design, samt undersøkja korleis tradisjonelle ornament kan overførast til formkulturen vi har i dag, fortel leiar ved Institutt for folkekunst, Bodil Akselvoll.

Det har vore ein viktig del av prosjektet å utveksla og utvikla kunnskap blant prosjektpartnarane ved å skapa nye perspektiv og ved å styrkja kommunikasjonen av ulike kulturutrykk.

Nytt og gamalt

No kan frukta frå arbeidet deira nytast som ei eiga utstilling under Budapest Design Week. Utstillinga ber namnet «Future tradition» og vert stilt ut på Telemark kunstsenter i Skien, med opning 28. oktober.

– Mellom utfordringane me har støytt på har vore å gje gamle teknikkar nye bruksområde, og å nytta gamle teknikkar i nye materiale. Studentane har dessutan vore tvungne til å tenkja stort, slik at det er heile kolleksjonar – ikkje berre enkeltprodukt – som vert synt fram under utstillinga, fortel instituttleiar Hedvig Harmati, som har har styrt prosjektet frå Budapest.

Glanskasting

Sirka 400 personar møtte fram til utstillingsopning i Budapest fyrste helga i september. Utstillinga vart opna av rektor József Fülõp ved MOME. Andre som var med og markerte opninga var Kathrina Ramberg frå den norske ambassaden og direktør for galleriet, Csaba Gyutaí.

Ånon Egeland og Tellef Kvifte stod for musikken, med eit nykomponert verk for dette høvet: Opening song for contemporary and future traditional instruments.
Marcel Wanders, som har skrive forordet i prosjektboka, var også tilstades og kasta glans over arbeidet åt studentane.

1,8 millionar kroner

Prosjektet er finansiert av EEA-midlar på totalt 180.000 euro. Elleve studentar frå Rauland og ti frå Budapest har vore med samt tre undervisarar frå kvar institusjon.
Dei har møtt kvarandre to gongar: ti dagar i Budapest i august 2015, og ni dagar på campus Rauland i januar. I tillegg har studentar og lærarkreftar kommunisert via nett og med individuell rettleiing i Budapest og på Rauland.

– Det har vore eit krevjande og utfordrande prosjekt både for studentar og lærarar, men i dag synest vi det har vore verdt strevet. Studentane har tatt utfordringa og kan no stille ut spanande og nyskapande produkt og kolleksjonar, seier Akselvoll.

Utstilling: Future Tradition

Åpning 28.10 kl 18.00 på Telemark kunstsenter.

«Future tradition» er ei kunstutstilling som viser resultata av eit ettårig samarbeid mellom Moholy-Nagy University of Arts and Design Budapest (MOME), Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, Høgskolen i Sørøst-Norge, Rauland og Telemark kunstsenter.

Tradisjonelt handverk og folkekunst frå Ungarn og Norge har vore utgangspunktet for å skapa nye uttrykk og nye gjenstandar. Utøvarane har tolka tradisjonen utfra sine personlege erfaringar og preferansar, nokjo som har resultert i ein stor bredde og variasjon i arbeida: frå kolleksjoner i tre, metall og tekstil til større, individuelle arbeid.

Konseptet «Future tradition» omfatter fortid, notid og framtid. I tillegg til tradisjonell materialbruk og teknikker har ein difor holdt fokus på korleis ny og moderne teknologi og utradisjonell materialbruk og materialkombinasjonar kan gi nye og spanande uttrykk og løysningar.
 
Prosjektet er finansiert av EEA-midler og har vore under leing av instituttleiar Hedvig Harmati (MOME) og instituttleiar Bodil Akselvoll (HSN)