Forskingsfestival der folk er

KJEM SEG UT: Under forskningsdagane kjem forskarane ut av kontora sine for å dele forskinga si.
KJEM SEG UT: Under forskningsdagane kjem forskarane ut av kontora for å dele forskinga si.

Onsdag 22. september startar dei årlege, nasjonale Forskingsdagane. USN byr på eit fullspekka program i bygd og by.

Forskarar og kunnskapsinstitusjonar over heile Noreg gleder seg når dei årlege Forskningsdagane byrjar.

Universitetet i Søraust-Noreg startar dagane med eit pang på Notodden – med opning av kunstutstilling, film og performance.

I Drammen inviterer forskarar eldre, pårørande og helsepersonell til kjøkkenbordsamtaler om ein god alderdom på kafe, og i Drammen teater vil forskarar, musikarar, skodespelarar og robotar (!) vise korleis kommunikasjon både kan hindre og legge til rette for eit godt helsetilbod i heimen.

I Tønsberg kan du gå på utestaden Stasjonen og høyre seks forskarar, ein student og ein gjest frå Økouka i Telemark og Vestfold formidle noko av sin klokskap og sitt engasjement. Tema spriker i alle retningar, slik det skal på ein PechaKucha-kveld.

På Teater Ibsen i Skien kan du lære om korleis barn ikkje snakkar om alvorlege hendingar i frykt for å bli stempla som «snitch» – ein tystar. Og om korleis du som lærar, forelder eller annan vaksen kan handtere dette på dei unge sine premissar. I nabobyen Porsgrunn kan du på Kafé K høyre tre forskingsforedrag; Om elbil er klimavenleg, om korleis Noreg ikkje er eit lite land og om ein ny og grøn industristrategi for Noreg.

USN har totalt 22 arrangement fordelt på sju stader. Det er heilt gratis å delta på Forskingsdagane. 

Dette er arrangementa du kan delta på: 

  • Bjørnen - konfliktskapar og medisinsk mirakel - 23. september (skoleklasser + digitalt)
  • Young researcher's night. To speak or not to spepak in academia 24.-25.september på Studentkroa i Bø 

Drammen

  • Frokostseminar om mangfoldsleiing - 23. september på Café Papirbredden
  • Eldreforsking og eplekakar - 25. september på campus Drammen
  • Konflikt i heimen – når helsevesenet bankar på Drammens Teater

Notodden

  • Kunstutstilling, drama og film - 22. september på campus
  • Barnehageforsking i Noreg og Palestina - 29.- 30.september på universitetsbiblioteket
  • Menneske, teknologi og filosofi – i kvardag og skule 30. september på campus
  • Grenseoverskridande forskingssamarbeid mellom Palestina og Noreg 1.oktober på universitetsbiblioteket

Horten (Campus Vestfold)

Porsgrunn

Skien

Tønsberg

  • Pecha Kucha "Forskarnatt" - 24. september på Stasjonen

Arrangement for skoleklasser

  • Ingeniørenes dag - Porsgrunn
  • Bjørnen - konfliktskapar og medisinsk mirakel - 23. september på campus Bø
  • Energisti for skuleelevar - 28. september på campus Bø

Digitale arrangement

Fleire av arrangementa kan du følgje live frå ein skjerm. Det står i arrangementet om det vert strømma eller ikkje. To arrangement er heildigitale:

  1. Bli med på labben - her har vi lage ein film frå lab'en til ein naturforskar - vi blir med ut og fiskar med straum. Filmen vil ligge tilgjengeleg på Forskningsdagane sin nettside. 
  2. Effektmåling og evaluering av folkehelsetiltak: til glede eller besvær?

Forskingsdagane

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival i regi av Noregs forskingsråd. Dei varar frå 22. september til 3. oktobar. Tema i år er fred og konflikt.