Fusjonsråd frå Søraust

Foto fra møtet
Fra venstre: Gro Nesheim, koordinator for fusjonsprogramsekretariatet (HSH), Liv Reidun Grimstvedt, rektor (HSH), Rasmus Stokke, rektor (HiSF), Kristian Bogen, prorektor (HSN), Petter Aasen, rektor (HSN), Per Eirik Lund, stabssjef ved rektors kontor (HSN), Sonja Dyrkorn, høgskoledirektør (HiB) og Ole-Gunnar Søgnen, rektor (HiB).

Leiinga ved dei tre institusjonane som frå nyttår utgjer Høgskulen på Vestlandet (HVL) vitja nyleg Høgskolen i Søraust-Noreg for å få råd på vegen mot fusjon.


Frå 2017 vert høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund til Høgskulen på Vestlandet (HVL). Tysdag 27. september var den øvste leiinga ved fusjonstrioen på Vestlandet gjestar ved HSN campus Vestfold.

Rektoratet ved HSN fekk presentert fusjonsarbeidet deira så langt, og det var fleire sentrale punkt vestlendingane ynskte innspel på, frå organisering og leiing til samkjøring av utdanningar.

Mange likskaper

Ein fusjon er langt ifrå gjort i ei handvending og sjøen kan vere full av skjær. Dette veit rektor ved Høgskolen i Søraust-Noreg (HSN) alt om.

Petter Aasen byrja som rektor ved Høgskolen i Vestfold (HiVe), og var frå 2014 rektor ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold (HBV) inntil 2016, då Høgskolen i Telemark (HiT) også kom med på laget og HSN endeleg vart fødd.

– Dei tre høgskulane er inne i ein prosess som har mange likskaper med fusjonsprosessen mellom HiT og HBV. På møtet gjekk vi gjennom korleis vi ved HSN organiserte fusjonsarbeidet, framdriftsplan, problemstillingar som vart utreda gjennom ulike delprosjekt, utarbeiding av saksframlegg til interimsstyret, avgjerd som vart fatta og vurderingar som vart gjort underveis, seier Aasen.

Blikkfeste

– Det var interessant å drøfte ulike sider ved arbeidet med å etablere ein ny institusjon i lys av utfordringar som må løysast, moglegheiter som opnar seg og erfaringar vi har hausta, fortel Aasen.

Som i prosessen ved HSN, er det mange ting som skal på plass på kort tid for HVL. Aasen har følgjande råd:

– Det gjeld å etablere eit godt arbeidsfellesskap, ta eit skritt om gangen og ha eit klart blikkfeste. Så langt eg kan bedømme er arbeidet med å etablere den nye Høgskulen på Vestlandet i dei beste hender, seier Aasen.

 Rasmus Stokke, Ole-Gunnar Søgnen, Liv Reidun Grimstvedt og Petter Aasen. Foto
– Mykje å lære

– Vi har sett stor pris på at leiinga ved HSN stiller opp for oss. HSN er eit år føre HVL, og vi har mykje å lære om organisering og prosess.  Det har vore ei særs nyttig samling for innstillingsrådet ved HVL, seier rektor ved HiB, Ole-Gunnar Søgnen.

– Dette møtet har vore av stor betyding for oss i den prosessen vi er no. Vi er difor svært glade for at HSN tek seg tid til å møte oss og for at dei deler sine erfaringer med oss, seier rektor ved HSH, Liv Reidun Grimstvedt.