- Gjer som USN, seier NHO-sjefen

NHO-sjef Ole Erik Almlid - foto
NHO-sjef Ole Erik Almlid. (Foto: Moment Studio)

Leiinga i NHO ønskjer fleire utdanningar etter eksempel frå USNs industrimaster, som kombinerer læring på campus og læring i arbeid.

NHO etterlyste meir samarbeid mellom næringslivet og akademia da årets kompetansebarometer blei lagt fram av NIFU 25. september. I ei pressemelding seier NHOs administrerande direktør Ole Erik Almlid at fleire bør få tilbod om utdanning etter mønster av USNs industrimaster, som er utvikla i tett samarbeid mellom universitetet og næringslivet.

– Samarbeid mellom arbeidslivet og akademia, både på institusjons- og studieprogramnivå, legg til rette for høgare kvalitet og meir relevans i utdanningane, meiner Almlid.

– Industrimasteren ved USN er eit framifrå døme på dette. Det er særleg integrasjonen av læring på campus og læring gjennom arbeid som kjenneteiknar denne typen program. NHO ønskjer fleire slike tilbod velkomne, seier NHO-sjefen.

Samarbeid mellom næringsliv og akademia er spesialtema i årets barometer. 6 av 10 NHO-bedrifter har i stor eller nokon grad eit udekt kompetansebehov, og for somme får dette negative konsekvensar for drift og utvikling.

LØN UNDER STUDIET: I byrjinga av september vart dei nye industrimasterstudentane tatt i mot på USN. På bildet er også USN-ansatte, næringslivsleiarar og statssekretær Rebekka Borsch (V). (Foto: Ragne Brekke Hvidsten)
Ikkje godt nok

Ein firedel av bedriftene i NHO har eit samarbeid med UH-sektoren. Den mest vanlege er at representantar for næringslivet deltar på faglege konferansar. Det er også vanleg å samarbeide med studentar om bachelor- og masteroppgåver, og ta imot studentar på utplassering.

Men det er ikkje nok, meiner NHO, og etterlyser ei betre kopling mellom arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane.

– Vi må utvikle fleire bedriftsbachelor- og bedriftsmasterprogram, tilsvarande industrimasteren ved Universitetet i Søraust-Noreg, der det er eit samarbeid med Kongsberg-industrien, seier Almlid.

Undersøkinga blant NHO-bedriftene viser også at eit fleirtal av bedriftene opplever at UH-sektoren er blitt meir open for samarbeid dei siste åra.

Statssekretær Rebekka Borsch (V) taler til nye industrimaster-studenter på USN. Foto
USN tilbyr meir

Rektor Petter Aasen er glad for den positive omtalen frå NHO, og fortel at konseptet for industrimasteren dei siste to åra er utvida til å gjelde fire nye masterområde: Optometri og synsvitskap, maritim leiing, mikro- og nanosystem og industrial IT and automation.

– Etterspurnad frå bedrifter både regionalt, nasjonalt og frå andre nordiske land er aukande, og vi planlegga å starte opp ytterlegare fire nye program hausten 2020, seier han.

Studentane på desse masterprogramma oppheld seg på arbeidsplassen i ei bedrift mesteparten av tida. Undervisninga er samlingsbasert, ofte med støtte av nettundervisning.