Herleik hos Cat Jarman

Herleik Baklid og Cat Jarman. Fotomontasje
JULETE: Kulturhistorikar Herleik Baklid i aksjon under ein sokalla "Christmas Lecture" på campus Bø. Ved sidan av han ser du kjendis-arkeolog og fjernsyns- og podkast-stjerne, Cat Jarman.

Kulturhistorikar Herleik Baklid kan  m y k j e  om jula. No er han gjest i podkasten til «arkeologiens David Attenborogh» for å snakke om korleis vikingane feira jól.

Herleik Baklid er fyrsteamanuensis og kulturhistorikar og undervisar på bachelor i kulturledelse og master i kulturstudier ved USN. Han er særleg interessert i folkekultur og har forska spesielt på skikkar og trusforestillingar.

Baklid tek sitt formidlingsansvar på alvor, og har gjennom ein allerede lang karriere, bidrege til glede og opplysning for mange gjennom å formidle kring gamle og nye tradisjonar knytta til blant anna julefeiringa.

Hestekjøt og alkohol

På sjølvaste vintersolverv 21. desember kan du oppleve han som gjest hos kjendisarkeolog og BBC-profil, Cat Jarman, i hennar populære podkast «Gone Medieval» (historyhit.com). Baklid er invitert inn for å snakke om korleis dei gamle vikingane feira og markerte jula.

Viss du ikkje kan vente, kan du lese deg dette intervjuet med Baklid i Forskning.no: Slik feira vikingane jul

Du kan lese meir om Cat Jarman her (nrk.no)

Óg hos Live og Ronny

Nett var Herleik óg gjest hos tidlegare NRK P3-profilane Live Nelvik og Ronny Brede Aase: 

Om romjulstradisjoner i podkasten Julestemning med Live og Ronny

Her er eit lite knippe annan god formidling frå Herleik Baklid knytt til jula: