Høg utmerking til HSN-professor

Eldrid Lunden med ordensteikn og Fylkesmann Kari Nordheim Larsen
Eldrid Lunden med ordensteikn og Fylkesmann Kari Nordheim Larsen. Foto: Daria Kalashnikova

H.M. Kongen har utnemnt forfattar og professor emeritus Eldrid Lunden til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden. Markeringa var sist fredag.


Tekst: Helle Friis Knutzen

Eldrid Lunden får ordenen for sin innsats for norsk litteratur, mellom anna som igangsetjar og leiar av forfattarstudiet i Bø, Høgskolen i Søraust-Noreg.

Eldrid Lunden er sjølv ein profilert og nyskapande poet i moderne norsk lyrikk. Ho blir rekna som ein av Noregs fremste lyrikarar.

Ekstraordinært livsverk

Fylkesmann Kari Nordheim Larsen overrekte ordensteikn og diplom sist fredag, på Høgskolen i Søraust-Noreg, studiestad Bø. Her ønskja ho velkommen til ei feiring av eit ekstraordinært livsverk og poengterte at dette er ei særs sjeldan utmerking, berre utdelt to gonger tidlegare på dei ti åra ho har vore fylkesmann.  Ho hadde elles med ei innbyding til audiens på slottet.   

Glad, stolt og rørt

I tala si sa Eldrid Lunden at det var ei stor, stor glede og ære å bli tildelt St.Olavs Orden, riddar av 1. klasse:

- Eg er glad, og stolt og eg er rørt.

I talen takka Lunden mellom anna høgskulen for trygge og sjenerøse arbeidsvilkår, entusiastiske kollegaer i akademia og i forfattarlauget, forfattarstudentane som sikra henne ein dagleg dose energi og eufori, og fyrst og fremst sin no avdøde mann Reidar: - Utan hans blikk og stayerevne hadde ikkje eg stått her. 

Lunden sa i innleiinga at store utmerkingar kan opplevast som lett inkongruent, som om dei er i tyngste laget å bere for eit enkeltmenneske. Da kan det vere greitt å stø seg til orda frå Håkon Bleken, som trøysta ordensmottakar Åge Aleksandersen med at han «ikkje måtte ta ei slik utmerking personleg».

Lunden var elles i tala si unne på samfunnets institusjonar, forholdet mellom kultur og kunst og spenninga mellom form og innhald i litteraturen. Ho trakk mellom anna fram Virginia Wolf, Jean Paul Sartre, Stein Mehren og Hanne Arendt. Ho avslutta med ei takk til Karen Blixen for inspirasjon og sporEldrid Lunden kransa av Kristian Hanto, framleggforfattar, Borgar Kaasa, varaordførar i Bø, dekan Tone Jøran Oredalen og rektor Petter Aasen.ing til ettertanke.

Eldrid Lunden med frå venstre Kristian Hanto, initiativtakar og framleggskribent, Borgar Kaasa, varaordførar i Bø, dekan Tone Jøran Oredalen og rektor Petter Aasen.  Foto: Helle Friis Knutzen.

Helsingar

Eldrid Lunden fekk som seg hør og bør mange helsingar denne dagen:

  • Frå HSN-rektor Petter Aasen: Du skapte gehør for at forfattarkunsten er eit fag.
    Vi gler oss med deg når denne utmerkinga no er skriven inn i ditt livsløp. Takk for at du har vore ein del av vårt høgskolefellesskap.
     
  • Frå varaordførar i Bø, Borgar Kaasa: Det er ein stolt bøhering som står her i dag. Tildelinga er kjempegledeleg og vel fortent.
     
  • Frå dekan Tone Jøran Oredalen: Det er imponerande korleis du har forma forfattarstudiet, med innsikt, vilje, styrke og gjennomslagskraft.
     
  • Sven Arntzen, instituttleiar: Du var ikkje bare ei dyktig lærar, men òg eit inspirerande forbilde som forfattar.
     
  • Leig Høghaug, på vegne av Forfattarstudiet i Rune Christensens sjukefråvær: Du har betydd enormt mykje for både studentar og dei forfattarane som her vore så heldige å forelese på forfattarstudiet.
     
  • Sigmund Løvåsen, leiar av Den norske forfatterforening og tidlegare forfattarstudent: Takk for dine bøker, dine dikt og for estetikken. Du er ei som har gått føre, gjennom poesien og som språkforskar.
     
  • Aasne Linnestå, tidlegare forfattarstudent: I forfattarskapet ditt er du djerv, var, intellektuell og vaken. Eg hadde ikkje blitt forfattar om ikkje du hadde satt blikket ditt i meg.
     
  • Kristine Søgnen, og tidlegare forfattarstudent: Takk for at eg har møtt andre skrivande menneske, som no er ein viktig del i mitt liv.
     

Fakta

Kunngjeringa frå H.M. Kongen

Om Eldrid Lunden

Om Forfattarstudiet i Bø

Eldrid Lunden har tidlegare mottatt ei rekke heidersprisar og utmerkingar for både forfattarskap og oppbygginga av den fyrste kunstfaglege utdanninga i skjønnlitterær skrivekunst. Ho er utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Gøteborg og har fått mellom anna Aschehougprisen, Doblougprisen og Brageprisens ærespris.