• Aktuelt
  • Nyhetsarkiv
  • Hovudtillitsvalt i Forskerforbundet: - Alle åtte studiestadar er min arbeidsplass

Hovudtillitsvalt i Forskerforbundet: - Alle åtte studiestadar er min arbeidsplass

Berit Bratholm, som er hovudtillitsvalt i Forskerforbundet, har eit godt samarbeid med dei andre fagforeiningane ved HSN.
Berit Bratholm, som er hovudtillitsvalt i Forskerforbundet, har eit godt samarbeid med dei andre fagforeiningane ved HSN.

Hovudtillitsvalt i Forskerforbundet Berit Bratholm har hovudkontor ved HSN på Bakkenteigen, men ho har sitt virke ved alle åtte studiestadane våre.

Forskerforbundet er landets største fag- og interesseorganisasjon for tilsette i forsking, høgare utdanning og kunnskapsformidling med 22 000 medlemmer. Dette er også den største fagforeininga i Høgskulen Søraust-Noreg på 550 medlemmer. 

- Som hovudtillitsvalt arbeider eg på mange arenaer ved HSN. Alle åtte studiestadane er min arbeidsplass. Eg opplever det som svært interessant og lærerikt å vera hovudtillitsvalt fordi eg blir kjent med leiarar, fagleg og administrativt tilsette samt får oversikt over organisasjonen på ein god måte, seier Berit Bratholm, som parallelt jobbar ein liten brøk med pedagogikk som fag.

Påvirke eigen arbeidssituasjon

Hovudavtala for staten stiller opp intensjonane for partsamarbeidet, det vil seie samarbeidet mellom tillitsvalte og leiinga. Det er formulert klart at tillitsvalte har tydeleg ansvar og plikter i forhold til å delta aktivt i avgjerdsprosessene ved Høgskulen i Søraust-Noreg (HSN).

- Som hovudtillitsvalt representerer eg medlemmane i partsamarbeidet. For at representasjonen skal bli så god som mogleg her ved HSN, er det heilt avgjerande at tilsette sluttar opp om fagforeiningane. Sagt i klartekst har organisasjonsgraden betyding for vår moglegheit til å utøve medbestemming i det gjensidige partssamarbeidet, seier Bratholm, som har vore tilsett ved HSN i 20 år.  

Hennar mål som hovudtillitsvalt ved HSN er å gje tilsette reell innverknad i arbeidsforholdet gjennom å vera organisert hos i Forskerforbundet. Der forsøker dei å sikre medlemmene moglegheit til å påvirke eigen arbeidssituasjon. Ho har vore hovudtillitsvalt sidan 2010.

Motiverande arbeid

- Diverre opplever eg til ein viss grad sprik mellom Hovedavtalens intensjonar for partsamarbeidet og reell medbestemming ved HSN. Ein grunn til dette er at HSN dei siste åra har vore og er under omstilling og fusjon. Dette fordrar at leiarar og tillitsvalte skal bli kjent og finne gode og konstruktive former for partsamarbeidet. Dette tar tid. Medbestemminga nasjonalt er under press i heile sektoren, seier Bratholm.

På den andre sida synast ho det er personleg utfordrande og motiverande å jobbe for betre arbeidsvilkår på strategisk nivå ved å påvirke styringsdokument som Personalpolitiske retningslinjer, lokal lønnspolitikk og prinsipper for arbeidsplanlegging.

- Me arbeider også praktisk i den tyding at Forskerforbundet lokalt i 2017 initierte eit seminar for 130 leiarar, personalrådgjevarar og tillitsvalte i samarbeid med personaldirektøren. Seminarets tema var «Bemanningsplanlegging, rekruttering, tilsetting og personalleiing» med eksterne foredragshaldarar og gruppearbeid for seminardeltakarane, seier Bratholm.

Godt samarbeidsklima

Lokallagsstyret ved Forskerforbundet og HSN har innarbeida ein kultur for og eit godt samarbeidsklima for gjensidig kunnskapsdeling. Dette medfører at Forskerforbundet lokalt erverver god oversikt over korleis dei fire fakulteta på ulikt vis fortolker og implementerer strategiske styringsdokument som Prinsipper for arbeidsplanlegging. Forskerforbundet har som mål å bidra konstruktivt med kunnskapsoverføring til leiarar og tilsette på tvers av fakulteta. Dette forutsetter imidlertid gjensidig respekt og anerkjenning av kunnskapsdeling som ein viktig del av partssamarbeidet.

- I desse dager gjennomfører Forskerforbundet ei spørjeundersøking til medlemmene på same tema. Forskerforbundet skaffar eit kunnskapsgrunnlag som kan få positiv tyding for fagleg tilsettes arbeidsvilkår med tanke på undervising og forsking neste studieår, seier Bratholm.

Takhøgde for usemje    

- Over år har me også innarbeida eit godt samarbeid mellom fagforeiningane ved HSN. Trass i at me er uenige i saker, verner me om eit godt samarbeidsklima, der det er takhøgde for usemje og debattar. Eg opplever at me har eit felles verdigrunnlag om å sikre våre medlemmer gode løns- og arbeidsvilkår ved HSN, som pregar samarbeidet. Det bygger på ein gjensidig respekt og eit ønske om å støtte kvarandre i rolla som tillitsvalte, seier Bratholm.

I tillegg til å vera hovudtillitsvalt arbeider Bratholm fagleg også med undervising og forsking. Saman med Ingunn Elvekrok har ho skrive artikkelen «En studie av læring hos tillitsvalgte i universitets- og høgskolesektoren». Artikkelen sett lys på korleis tillitsvalte tilegner seg og deler kunnskap, og forfattarane fokuserer på læringsprosessane hos tillitsvalte i samanheng med utøving av vervet. Artikkelens teoretiske utgangspunkt er personlege læringsbanar og læring i praksisfellesskap. Det metodiske utgangspunktet er sjølvstudie i praksisfelt, der datamaterialet er basert på eigne læringserfaringar frå tillitsvalte og ei undersøking i eit lokallagsstyre i ei fagforeining i norsk universitets- og høgskulesektor.

- Artikkelen gjev bidrag til kunnskap om korleis tillitsvalte lærer gjennom løysing av arbeidsoppgåver og korleis kunnskap delast i lokallaget, avsluttar Bratholm.