HSN og Vinje kommune inngjekk samarbeidsavtale

Prorektor Kristian Bogen og Rauland Vinje-ordførar Jon-Rikard Kleven underskrev samarbeidsavtala.
Prorektor Kristian Bogen og Vinje-ordførar Jon-Rikard Kleven skreiv under samarbeidsavtala.

Leiinga i Vinje kommune og HSN hadde denne veka sitt årlege møte, i kraft av Vinje kommune si rolle som vertskommune for studiestad Rauland.


Høgskulen og kommunen har hatt ein god dialog sidan etableringa av Høgskulen i Søraust-Noreg, og det er sett i gang konkrete samarbeidsprosjekt, i tillegg til at det planleggast fleire. For å ramme inn dette på ein god måte, er det utarbeida ein strategisk samarbeidsavtale, som blei signert denne veka. Moglegheitane for samarbeid er mange, og partane er samde om korleis dette nå skal utviklast vidare.

 

- Me har hatt fleire møter med Vinje kommune og kom fram til at me har mange felles område med potensielle prosjekt, seier Kristian Bogen, prorektor for HSN.

 

God stad

Vinje kommune har ca 3 700 innbyggjarar. Hovudsatsingsområde i kommuneplanens samfunnsdel er Vinje – ein god stad å vera for alle, Vinje – med naturen som ressurs og Vinje – kompetansekommunen.

- Begge har ambisjonar på mange område, og valte difor å lage ei slik avtale. Det er den fyrste i sitt slag mellom HSN og Vinje kommune, seier prorektoren.

Føremålet med avtala er å styrkje samarbeidet mellom partane, ikkje minst gjennom å utvikle høgskulen og studiestad Rauland vidare som arena for kompetanseutvikling, innovasjon og forsking. «Berekraftige Vinje» skal vera overskrifta som peikar ut retninga for samarbeidet mellom partane.

Vidareutvikle studiestaden

Studiestad Rauland skal sikrast som ein portal inn i heile HSN, og gjennom det opne for samarbeid med alle høgskulens fagmiljø uavhengig av kor dei er lokaliserte. Eit anna mål er å søkje å utvikle nasjonale og internasjonale posisjonar, innanfor produksjon og formidling av kunnskap på felt der Vinje kommune saman med HSN har spesielle fortrinn eller potensial.

- Vinje er ein av åtte vertskommunar. Me likar å gje prioritet til vertskommunane våre. HSN ønskjer å vektlegge regional forankring, avsluttar Bogen.