Jobbar 50 prosent medan dei fullfører utdanninga

Spente studentar frå Buskerud, Telemark og Vestfold blir immatrikulert.
Spente studentar frå Buskerud, Telemark og Vestfold blir immatrikulert.

Studentane som tek industrimasterprogrammet ved USN får arbeide 50 prosent av studietida. Dette skjer i bedrifter i Buskerud, Telemark og Vestfold.


17. august blei studentane som skal vera med på industrimasterprogrammet ved Universitetet i Søraust-Noreg immatrikulert. Dette skjedde i ei høgtidleg seanse på Kongsberg maritime carpus. I vårt treårige masterprogram er studenten tilsett femti prosent i ei bedrift, samtidig som han studerer. Vekebaserte samlingar gjer at studentane kan jobbe kor som helst, og samtidig studere på studiestadane i KongsbergPorsgrunn og Vestfold.

– USN er kjent for nært samarbeid med industrien i regionen. Dette sikrar mellom anna forskingsarbeidet vårt. Målet er å utdanne og levere kandidatar med oppdatert kunnskap, seier Petter Aasen, rektor ved USN.

LES OGSÅ: Industrimasteren viktig for industrien

– Akkurat det me ønskjer av systemet

94 prosent av studentane brukar å bestå og industrien får tilgang til fleire ingeniørar. Mikro- og nanosystem og IT er nye program i år. USN-rektoren er glad for å sjå masterstudentane.

– Eg er sikker på at mine kollegaer vil gjere sitt beste for dykk, seier han.

Rune Foshaug i Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) meiner heile nasjonens framtid er avhengige av at utdanningssystemet produserer fleire kandidatar.

– Seks av åtte medlemsbedrifter hos oss har problem med å skaffe kvalifisert arbeidskraft. Det er behov for strukturellle forandringar i samfunnet. Det dykk gjer her er akkurat det me ønskjer av utdanningssystemet. Fleire studentar burde utdanne seg innanfor desse områda, så eg håpar mange følgjer desse studentanes eksempel, seier Foshaug, som ønskjer årets industrimaster-studentar lykke til.

Martine Alvestad ved studiestad Kongsberg meiner masterprogrammet er ein spanande måte for ho som student å få praktisk erfaring på.Miksar teori og praksis

Geir Håøy i Kongsberggruppen har hatt 50 studentar gjennom dette programet sidan 2006.

– Dette er starten på ei spanande reise for studentane. Studiet er viktig for korleis dei kjem til å ende opp som tilsette og som personar. Me er glade me har dette utdanningsprogrammet. Det er ein viktig del av rekrutteringa vår. Kollegaer som jobber tett med studentane er entusisastiske over programmet. Studentane er svoltne og aktive i læringa, seier Håøy.

Han meiner at å mikse teori og praksis er krevjande, men gjev ein god læringsveg for studenten.

– Når me kombinerer våre seniorar med dei ferske studentane får me meir kreativitet. Studentane har ei viktig rolle frå dag ein. Denne modellen er ein vinn vinn-situasjon. Studentane må investere mykje hardt arbeid i studiet dei neste åra. Dei vil få profesjonelt nettverk og bygge kontaktar på verdsbasis. Dei har mykje å sjå fram til. Studentane må vera strukturerte, nyfikne og hugse å ha det gøy, seier Håøy.

LES OGSÅ: Ta master med lønn i studietiden

Geir Håøy, Petter Aasen og Rune Foshaug er nøgde med at masterstudentane vel å arbeide 50 prosent medan dei tek graden.Må finne kontakta mellom teori og praksis

Gerrit Muller, som er professor ved institutt for realfag og industrisystem har hatt med programmet å gjere sidan 2007. Han ser og møter studentanes situasjon.

– Dei har fordel av masterprogrammet fordi dei lærer gjennom erfaring. Teori er klart og praktisk, praksis er komplisert. Studentane må sjå finne kontakta mellom teori og praksis, og sjå korleis teori fungerer i praksis, seier Muller.

Martine Alvestad ved studiestad Kongsberg meiner masterprogrammet er ein spanande måte for ho som student å få praktisk erfaring på. Ho skal vera hos Kelda Drilling Controls i Porsgrunn.

– Eg trur dette gjer meg attraktiv på arbeidsmarknaden, i tillegg til at eg får bygd nettverk, seier Alvestad.

Fakta

Sidan 2006 har USN industriakademi utdanna 
masterstudentar i Systems Engineering på Kongsberg.
 

Frå hausten 2018 blir det tilbode masterutdanningar innan:

Mikro- og nanosystemteknologi og Maritim ledelse i Horten.

Industriell IT og Automatisering i Porsgrunn.

Systems Engineering i Kongsberg.


Førelesarane på akademiet kjem frå USN, NTNU, Stevens Institute of Technology i New Jersey og Twente University i Enschede, samt industrien, deriblant tidlegare toppleiarar