Klart for forskingsfestival ved USN

Barn som jubler foran ein Forskingsdagane-banner. Foto

Snart er Forskingsdagane over oss igjen. Årets tema er «miljøklemma». Vi skiltar også med «skravlande» forskarar, «augeopnande» opplevingar, ei eiga museumsutstilling og mykje, mykje anna.


Forskingsdagane er ein nasjonal forskingsfestival i regi av Noregs forskingsråd (NFR).

– Vi har lange tradisjonar for å delta på Forskingsdagane og ser dette som eit godt høve til å formidle noko av den spanande forskinga som går føre seg på USN, seier festivalsjef ved USN, Frode Bakken.

Sjå program for Forskingsdagane 2019 ved USN her (under utvikling)

Opplysning og underhaldning

Festival spenn seg over perioden 18. til 28. september, og då opnar vi opp våre studiestadar for ein rekke gøyale arrangement og sender samstundes våre utovervendte forskarar ut på scenekantar og andre uvande arenaer for å både opplyse og underhalde.

Fleire av arrangementa vert også gjennomført i samarbeid med spanande eksterne aktørar, som til dømes Preus museum, Odds Ballklubb og ulike bibliotek.

Miljø på agendaen

Tema for årets Forskingsdagane er miljø. På kva slags måte har miljøet forandra seg dei siste åra? Kva gjer forskarane, og kva kan vi gjere? Korleis kan vi gjere noko med miljøklemma? 

Blant årets arrangementer på USN er eit dialogmøte om berekraftsmål, der ungdom får møte aktuelle forskarar.

Ellers kan publikum bland anna lære om industri og giftavfall på Notodden, konkurrere langs «Energistien» på Bø, bruke ein dag på miljøfyrtårnet Besøkssenter Våtmark Ilene for å lære om korleis man kan få barna ut i naturen, og vi inviterer lærarar til konferanse om undervisning for berekraftig utvikling.

For å nemne noko.

Levande formidling

I år satsar vi også på populærvitskapeleg formidling i fleire spanande formar.
Det blir ein serie korte og høgst relevante foredrag på campus Ringerike og Bø og på fleire campusar prøver vi ut PechaKucha 20x20-formatet.


PechaKucha er japansk og kan omsettast til «skravling» eller «lyden av folk som snakkar», og er ein type lynpresentering, som består av 20 lysbilete som vises i 20 sekunder kvar og som avløyser kvarandre automatisk, slik at taiming og god formidlingsevne er essensielt.

Formatet vert kalla «the antidote to death by PowerPoint» og er kjend for å tvinge fram levande og underhaldande formidling.

Vi vonar du vil bli kjend med årets program og ønsker deg ein god festival i lag med USN.