Konferanse om heitt tema

Klare: Kjersti Laupet Andersen, Bjørnar Skogvoll og Maria Bø Kaasa opnar 21. mars dørene til Telemarkskonferansen i Bø.
Klare: Kjersti Laupet Andersen, Bjørnar Skogvoll og Maria Bø Kaasa opnar 21. mars dørene til Telemarkskonferansen i Bø.

Davy Wathne og Thea Næss kjem til studiestad Bø onsdag. Dei skal delta på Telemarkskonferansen, med bruk av sosiale medier i idretten som tema.

Telemarkskonferansen har vore arrangert sidan 1997 og blitt ein årleg attraksjon ved studiestad Bø. I år er det tolv tredjeårsstudentar ved bachelor i idrettsvitenskap med fordjuping i Sports Managment som står for innhaldet. Dei vil fokusere på bruk av sosiale medier i idretten. Arrangementet har dei jobba med sidan i haust, men byrja for alvor å setje inn støtet i november. Dette er i tillegg til bacheloroppgåva det største desse studentane jobbar med dette tredje studieåret. HSN-studentane har fått bryne seg på å legge opp eit interessant program og hyre inn spanande foredragshaldarar.

- Me ville ha fokus på noko dagsaktuelt. Sosiale medier er noko dei aller fleste bruker. Det er viktig å tenke på kva ein legg ut. Idrettsutøvarane er dessutan forbilde for mange. Det er lett å bli kjent med dei gjennom det dei legg ut på sosiale media. Dei mest kjente har gjerne eit team rundt seg. I breiddeidretten står ein på eigne bein og må ta dei rette vala sjølv, seier idrettsstudent Kjersti Laupet Andersen.

Nasjonal appell

Medarrangør Maria Bø Kaasa fortel at Nora Mørk-saka, der private bilde kom på avvege, sett søkelyset på kor viktig det er å tenke på kva ein har på mobiltelefonen sin. Mellom anna kjem sportsjournalisten Davy Wathne og verdsmeister i kickboksing Thea Næss.

- Davy Wathne har sett korleis utviklinga har vore når det gjeld idrett og nettsamfunn. Han brukar sosiale medier aktivt. Thea Næss tenker mykje på kva ho legg ut og reflekterer over dei rette verdiane, seier Kaasa.

Idrettsstudent og konferanseleiar Bjørnar Skogvoll fortel at dei ønsker å gje Telemarkskonferansen eit aniktsløft.

- Me vil at konferansen skal skape ein nasjonal appell. Dette er stoff som er på nasjonalt nivå, seier Skogvoll.

På film

Konferansen vil bli filma for fyrste gong. I tillegg er det produsert reportasjer i forkant. Målet er fjernsynet.

- Me har vore i dialog med TV2 om å sende program der. Dei har vore positivt innstilt, seier Skogvoll.

HSN-studenten fortel at dei har lært mykje av å jobbe med Telemarkskonferansen.

- Me har mellom anna måtte forhandle med foredragshaldarar om pris og diett. Nokon stiller, andre takkar nei. I tillegg til dei profilerte namna brukar me også lokale krefter som tidlegare HSN-student Guri Ramtoft og HSN-forskar Jan Ove Tangen, seier Skogvoll.

Arrangørane håpar på full sal. Til nå har det meldt seg 100 deltakarar, men det er plass til mange fleir. Arrangementet er gratis og folk kan plukke kva for foredrag dei vil ha med seg.

Hovudatraksjon

Dei tre studentane fortel at dei har lært mykje om å arrangere dei tre siste åra.

- Idrettsviteskap-studiet er så mykje meir enn idrett. Ein lærer økonomi, administrasjon, kommunikasjon og marknadsføring. Me lærer ting me kan bruke på fleire arenaer enn bare idrett, seier Skogvoll.

Telemarkskonferansen har eit budsjett på 68 000 kroner og det er snart brukt opp. Skulle det bli eit overskot går pengane til neste års konferanse.

- Kom og sjå! Me anbefaler folk i alle aldrar å stille. Debatten blir hovudattraksjonen. Det er ikkje kvar dag ein kan sjå Davy Wathne prate på nært hald, seier dei tre.

Telemarkskonferansen 2018

 

Program

 

Bachelor i idrettsvitenskap

 

Konferansen arrangerast av idrettsstudentar med fordjupinga Sports Managment. Kvart år blir temaet for konferansen valt i samarbeid med Telemark idrettskrins.