Målet med programmet er å styrke samarbeidet mellom studentar, næringsliv og offentleg verksemd. Mentorprogrammet har vore lagt opp med både fellessamlingar og samtalar mellom mentor og student. Nyleg hadde dei avsluttingssamling for mentorar og studentar i Bø.
- Det var ei positiv oppleving å få innblikk i ein students kvardag og kontakt med høgskulesystemet. Å kunne hjelpe andre og bidra med kunnskap og erfaringar har god og positiv verknad på ein sjølv. Ved å motivere andre, motiverer ein seg sjølv. Det gjev myke positiv energi å ha kontakt med unge, motiverte og reflekterte menneske, seier Bente Dysthe, som har vore mentor for studenten Polina Haugen.
Nyttig kunnskap for næringa
Hans Olav Bakås, som er dagleg leiar for IT-selskapet Terki, har vore mentor for studenten Kari-Anne Svinsøy. Han trur grunnleggande på at ein må dele for å få.
- For meg som mellom anna tilset studentar, så får eg nå myke betre innsikt i studentlivet. Noko som er verdifullt i arbeidet med rekruttering, men også viktig når det kjem til utvikling av verksemda eg leiar. Eg får også mange positive inntrykk og opplevingar, som er til nytte og inspirasjon i mi eiga utvikling, seier Bakås om mentorprogrammet.
Svinsøy gjev mentorprogrammet toppkarakter. Ho fortel at ho har blitt tryggare på seg sjølv og at dette aukar sjølvbildet i det framtidige arbeidslivet.
- Me har hatt ein god dialog, som er ei veldig god erfaring å ta med seg. Eg har lært mykje om korleis eg kan skrive ein god jobbsøknad, seier Svinsøy, som anbefaler andre studentar å bli med på eit slikt mentor-program om dei får sjansen.
Bakås trur det er fleire aksar, som mellom anna å bekrefte eller avkrefte myter og sanningar om korleis det private næringsliv fungerer.
- Svinsøy blei nyfiken på dette. Det andre er faglege diskusjonar rundt metodar og modellar i utdanninga og korleis dette brukast i næringslivet. Det viktigaste er kanskje å dele metodar for korleis studenten kan ta ansvar for eigen utvikling, og byggje eigen sjølvtillit i situasjon, seier Bakås.
Både Bente Dysthe og Hans Olav Bakås er villige til å delta på prosjektet i framtida også.
Forutsett match mellom student og mentor
Ordninga starta på studiestad Bø hausten 2017. Det blei kontakta ei rekke tidlegare næringslivssjefar, nåverande næringslivssjefar, politikarar og eldsjeler i Midt-Telemark.
- Me endte opp med ei mentorgruppe på 17 der alle har lang erfaring frå å opptre og navigere seg fram i arbeidslivet. Det blei rekruttert åtte bachelorstudentar, alle frå Handelshøgskolefakultetet. Begge grupper måtte leggje fram cv og interessefelt slik at ein fekk matcha student og mentor på best mogleg måte, seier Ingebjørg Synnøve Tegdal Halvorsen frå Midt-Telemark næringsutvikling, som har vore med å skaffe mentorar.
- Dette gjer me fordi me ønsker å etterleve kjerneverdien til HSN og relevansen mellom studentane og arbeidslivet, seier arbeidslivskoordinator ved HSN Trond I. Østgård.
Førebudd på jobbintervju
Studantene har fått hjelp til å te seg i en jobbsøkarsituasjon, samt råd og tips om moglegheiter ved vidare studie og korleis dei skal handtere avgjerande samtaler.
- Alt i alt har mentorprogrammet vore ein suksess for både mentor og studentar, der evalueringen har vist seg utelukkande positivt. Det eineste innspelet studentar kom med er at dei skulle ønskje programmet blei utvida til to semestre, seier Tegdal Halvosen.
Polina Haugen fortel at ho er godt nøgd med mentoren sin Bente Dysthe.
- Me var ein perfekt match. Eg var interessert i å finne ut av forskjellane på mitt eiget heimlands og Noregs næringsliv fordi eg vil bruke utdanninga mi her. Dysthe har førebudd meg på jobbintervju, seier Haugen.