Lanserer smittefrie reiselivsbobler

Bilde av Grand Hotel Oslo, Istock-fotoVoyager
(Illustrasjonsfoto: Istock/fotoVoyager)

– Kva om du kjenner deg tryggare inne på hotellet enn på gata utanfor, spør professor Kåre Sandvik ved USN Handelshøgskolen.


I ein fersk YouTube-samtale med direktør Per-Arne Tuftin i Norsk Reiseliv lanserer Sandvik ein idé for ein sterkt pressa reiselivsbransje.

– Eit cruiseselskap profilerer seg no på å levere den tryggaste reiselivsopplevinga. Dei tar berre ombord passasjerar som har testa negativt, og re-testar dei ombord. Her ligg ei moglegheit for andre reiselivsbedrifter, gjennom å skape smittefrie bobler som gjer at du kjenner deg trygg når du kjem inn.

Sånn som det er no, er det mange som ikkje tar sjansen på å bestille eit opphald på hotell. Det kan både vere fordi dei sjølv er redde for smitte, men også fordi dei kan risikere å hamne i karantene om andre på hotellet viser seg å vere smitta, seier professor Kåre Sandvik.

Nye testmetodar - eit kvantesprang

Han trur nye og raskare testmetodar som no er under uttesting i Oslo i regi av Folkehelseinstituttet vil bli eit viktig verktøy for reiselivsbedrifter.

— Eg trur dette kan bli eit kvantesprang for næringa under pandemien. Du kjenner deg kanskje utrygg på gata, medan inne på hotellet kan du kjenne deg trygg, fordi du veit at både du sjølv, dei andre gjestane og dei som jobbar der har blitt testa fleire gongar, seier Sandvik.

Per-Arne Tuftin i Norsk Reiseliv støttar professoren, og seier nye og enklare testmetodar vonleg kan vere på plass i løpet av nokre få veker.

— Det er no utvikla testar som er enkle å ta, og som gjev svar i løpet av eit kvarters tid.  Det blir mykje enklare for gjestane å ta omsyn til dette når dei kan setje seg på ein stol og få vite om dei er smitta eller ikkje med ein gong. 

Kan tape 150 milliardar kroner

Professor Kåre Sandvik har følgt reiselivsbransjen i lang tid. Nyleg la han og andre forskarar ved USN Handelshøgskolen fram ein rapport om følgjene av koronapandemien for norsk reiseliv.

Rapporten var finansiert av Forskingsrådet. Denne teikna eit dystert bilete, og fekk stor omtale i mellom anna Dagens Næringsliv og Dagens Perspektiv.

Forskarane reknar med eit samla omsetningstap i norsk reiselivsnæring på 150 milliardar kroner i løpet av 2020 og 2021. Det er dramatisk for ein bransje som ifølgje Sandvik hadde 95 milliardar kroner i eigenkapital ved inngangen til 2020.

— Utrekningane våre viser at mellom 55-80 prosent av denne eigenkapitalen vil vere tapt ved utgangen av 2021.  Årsaka er at det massive inntektstapet berre delvis kan kompenserast gjennom oppseiingar og permitteringar. Då må bedriftene ete av eigenkapitalen, og det vil vere dramatisk, sjølv for dei største selskapa.

— Vi står overfor det vi må kalle for ein kollaps i næringa om ho ikkje får opp inntektssida ganske raskt, enten via statleg hjelp eller gjennom å få opp etterspurnaden, seier Sandvik. 

Direktør Per-Arne Tuftin i Norsk Reiseliv og professor Kåre Sandvik diskuterer framtida til norsk reiselivsnæring. FotoMangelfull krisepakke

Den timelange samtalen mellom Sandvik og Tuftin gjekk føre seg 21. oktober, dagen etter at regjeringa presenterte den nye krisepakka si for reiselivsnæringa.  Per-Arne Tuftin og Norsk Reiseliv er glad for pakka, men seier tiltaka det er gjort framlegg om i liten grad hjelper majoriteten av bedrifter i ei utsett næring.

— Mange tusen arbeidsplassar i godt drivne reiselivsbedrifter kan no gå tapt, seier Tuftin.

Kåre Sandvik er samd, og understrekar at reiselivsbransjen sysselset langt fleire enn olje- og gassnæringa, som fekk massiv støtte frå styresmaktene.

— Reiselivsnæringa ligg langt framføre både olje- og gass- og sjømatnæringa målt i talet på arbeidsplassar. Ho er eigentleg ganske unik gjennom å skape veldig mange arbeidsplassar samanlikna med omsetninga, og er faktisk den nest største sysselsetjaren i Noreg med sine 170.000 tilsette. 

Dei tilsette betalar ein høg pris

Sandvik seier det er viktig å tenkje på at det først og fremst er arbeidstakarane som betalar prisen i denne krisa. Og det har store ringverknader i svært mange lokalsamfunn. I hundre norske kommunar står reiselivet for ti prosent eller meir av sysselsetjinga lokalt. Etterspurnaden vil kome raskt tilbake når vaksine kjem og smittetala går ned, vonleg i løpet av våren. Juli denne sommaren viser kor raskt etterspurnaden i reiselivsnæringa tar seg opp når det blir trygt å reise og når grensene opnast.

— Det er eigentleg ein katastrofe, det som skjer no. Dette handlar om distriktsarbeidsplassar, og om menneske utan høgare utdanning som har fått ein sjanse på arbeidsmarknaden. Det handlar også om integrering av personar med fleirkulturell bakgrunn, og ikkje minst om mange kvinner og mange unge menneske som har fått jobb i reiselivsbransjen, både i deltid og fulle stillingar. Mange har brukt reiselivsbransjen som eit springbrett mot seinare leiar- og fagstillingar, seier professor Kåre Sandvik.

Han jobbar no med å førebu ein søknad om eit stort forskingsprosjekt som skal sjå på gjenreisinga av norsk reiseliv etter covid-19. Allereie no ser han to openberre område som bransjen bør fokusere på etter krisa.

— Digitalisering og «big data» vil stå sentralt, og omsynet til berekraft vil kome for fullt etter covid-19.