Linn Ullmann førelas på HSN

Aktuelle og profilerte forfattarar tar del i undervisninga ved HSN. Nyleg førelas Linn Ullmann for studentane på Master i faglitterær skriving.


Tekst og foto: Knut J. Meland

Master i faglitterær skriving skal studentane mellom anna utvikle ferdigheiter i profesjonell og kreativ fagskriving. Studiet gjev grunnlag for arbeid som faglitterær forfattar, konsulent/rådgjevar eller forleggar.

Studentane er samla til intensiv undervisning tre eller fire gongar i løpet av kvart emne, og kvar samling byr på ei førelesing med ein aktuell, profilert forfattar som kan knytast opp mot det gjeldande emnet.

Også vår forfattarutdanning ved campus Bø tek i bruk mange av dei mest erfarne forfattarane i Noreg som førelesarar. Studiet er under leiing av lyrikar og romanforfattar Rune Christiansen, og er eit samarbeidstiltak mellom HSN og Den norske forfatterforening.

– Naudsynt

– Studentane skal jo lære å verte forfattarar og treng å møte forfattarar med ulik erfaring frå både sakprosaskriving og skjønnlitterær skriving. Verkemidla kan ofte vere like i desse formene for skriving sjølv om kontrakten med lesaren kan vere ulik, seier professor Norunn Askeland, som saman med professor Eva Maagerø er fagansvarleg og koordinator for masterstudiet i faglitterær skriving. 

Ho viser til at skjønlitterære forfattarar ofte inkluderer mykje sakprosa i romanane sine, samstundes som ein sakprosaskribent kan flette inn fiktive eksempel i ulike typar sakprosatekstar.

– Dette er teknikkar som kan lærast. Det er eit handverk som erfarne forfattarar kan, og som dei kan lære bort til studentane våre, seier Askeland.

Linn Ullmann. Foto

Linn Ullmann i aksjon på høgskulebiblioteket ved campus Vestfold.

Det aller næraste

Forfattar Linn Ullmann har i si siste bok De urolige skrive utleverande om foreldra sine, to av dei største kjendisane i Skandinavia, skodespelaren og regissøren Liv Ullmann og no avdøde regissør Ingmar Bergman. 

Ullmann vart nyleg invitert til campus Vestfold for å førelese om temaet «Å skrive om det aller næraste». Førelesinga var eit samarbeid med høgskulebiblioteket og vart framført i bibliotekslokalet for eit stort publikum. 

Les også:

I etterkant av den opne førelesninga følgde Ullmann med studentane i klasserommet for å gå i dialog om emnet biografisk skriving.

– Ullmann skriv om det aller næraste. Både av måten ho har løyst dette på i boka De urolige, og i reaksjonane ho har fått, også frå sine næraste, er det mykje å lære. På studiet utforskar og diskuterer vi både etiske og estetiske aspekt ved slike tekstar, som jo offentlegheita er fylt med for tida, seier førsteamanuensis Merete Morken Andersen, som sjølv arbeider med biografisk skriving i tillegg til å undervise ved masterstudiet i faglitterær skriving.

Praksisnært

– Gjennom dei mange forfattarbesøka kjem vi nærare praksisfeltet. For meg har det vore godt å erfare at dei etablerte forfattarane er menneske dei óg; at dei slit og baler med tilsvarande problem eg sjølv har støytt på i eigen skriveprosess. Samstundes nyt me godt av innsikta i deira personlege metodar for å handsame alt frå skrivesperre til etiske utfordringar, seier student Lars Kobro, som har fått på plass forlagskontrakt med Cappelen Damm sidan han begynte på masterstudiet i faglitterær skriving.

Kobro er statsvitar med lang fartstid frå Telemarksforsking og har nyleg  tiltredd som prosjektleiar ved HSN.

Studentane Anne Bramo og Lars Kobro. Foto

Studentane Anne Bramo og Lars Kobro ved Master i faglitterær skriving sett begge pris på den nære kontakten med forfattarar som studiet byr på.

Matnyttig

Medstudent Anne Bramo fekk også eit rikt utbytte av dagen med Ullmann:

– Eg har sansen for samanstillinga av forskingsbasert undervisning og levande, nære møte med forfattarar. Mykje av lærdomen frå i dag vil eg ta i bruk i mitt eige bokprosjekt, fortel student Anne Bramo, som er svanger med ei biografisk bok om relasjonstraume.

Ho er utdanna psykisk sjukepleier og driv eiga praksis ved sida av jobben som helsepolitikar for FrP.

Kjende namn

Ordninga med gjesteføreleserar har vorte mogleg gjennom tilskot frå Norsk faglitterær forfatter-og oversetterforening (NFF), som har støtta studiet sidan det vart oppretta i 2007. Det er etablert eit nettverk med forelesarar frå både Noreg, Sverige og Danmark. I haust var Carsten Jensen innom og førelas, og i januar var den svenske professoren Arne Melberg her for å førelese om å reise og skrive.

Andre førelesarar har vore profilerte forfattararar og kritikarar, som Espen Søbye, Åsne Seierstad, Mari Jonassen, Kjetil Bjørnstad, Per Thomas Andersen, Dag Gjestland (innkjøpsordninga for sakprosa i regi av Kulturrådet) og Arngrim Ytterhus og Elisabeth Nord (regissørar). I tillegg har tidligare studentar bidrege som gjesteførelesarar.

 

Linn Ullmann

Linn Ullmann (f. 1966) heiter opphavleg Karin Beate Ullmann og er dotter av skodespelar Liv Ullmann og film- og teaterregissør Ingmar Bergman.

Ho er utdanna ved New York University, der ho studerte engelsk litteratur.

Ullmann debuterte i 1998 med den kritikarroste romanen Før du sovner. Hennar andre roman, Når jeg er hos deg, vart gjeven ut i 2001, følgd opp av Nåde i 2002. I 2007 vart Nåde nominert til «The Independent Foreign Fiction Prize» i Storbritannia, og Riksteatret hadde premiere på den dramatiserte versjonen av romanen. Ullmanns fjerde roman, Et velsignet barn, vart nominert til Brageprisen i 2005, og Det dyrebare frå 2011 vart den mest selde norske skjønlitterære romanen det året. I fjor ga Ullmann ut De urolige, som fekk P2-lyttaranes romanpris og vart nominert til Kritikerprisen. 

Ullmann er gjeven ut på til saman 31 språk.

Kjelde: Oktober forlag