Lucia og Lussi: Ei god og ei ond

Tradisjon: Lucia-feiring i skule og barnehage er fast tradisjon over heile landet. Foto: Colourbox
Tradisjon: Lucia-feiring i skule og barnehage er fast tradisjon over heile landet. Foto: Colourbox

To ulike tradisjonar slår til på same dato i adventsmånaden desember. Både Lucia og Lussi deler 13. desember.


Fyrsteamanuensis ved institutt for kultur, religion og samfunnsfag Herleik Baklid ved Høgskulen i Søraust-Noreg vil fram mot jul gje deg eit innblikk i norske juleskikkar. Denne sundagen er det Lucia og den mindre kjente Lussi sin tur.

- Dette er to ulike tradisjonar på same dato. Dei to må ikkje blandast saman. Lussi-tradisjonen er den eldste i Noreg, seier Baklid.

Delte medgift

Med lussekatter, omtanke, barnleg glede og lys er feiringa av St. Lucia vel implementert i norsk barnehage og skule. Kor oppstod egentleg denne tradisjonen?

- Lucia-tradisjonen med den kvitkledde jenta med krans rundt hovudet kan me følge tilbake til 1800-talet frå området rundt Vänern. Han kom til Noreg på 1900-talet. Det er svensk kulturimport, informerer Baklid.

Han fortel at dette er restar etter St. Lucia som budde på Sicilia. Denne helgenen overtalde mor si til å dele medgifta si med dei fattige. Forloveden til mora likte dette dårleg og angav Lucia.

- Ho leid martyrdøden rundt 300 år etter Kristus. Lucia døde med eit brennande lys i handa og den heidrande skikken kom i stand. Fra Vänern-området tok svenske studenter med seg skikken til universitetene i Uppsala og Lund, og utvikla den videre, bl.a. ved å markere lysgangen sterkere. Da dei feira Lucia gjekk dei i fyrste omgang rundt i heimane til folk. Der serverte Lucia mat og drikke. Så spredde det seg kollektivt til skular og barnehagar, seier historikaren.

Han legg til at somme meiner Lucia også kan ha tysk opphav, men at dette er litt usikkert.

Dyra talte

Den andre litt meir spanande tradisjonen Lussi fell også på den heilage minnedagen til den katolske helgenen.

- Lussi er eit kvinneleg ondsinna vesen som fer rundt. 13. desember blei i folketradisjonen rekna som den lengste natta i året. I mellomalderen fall solsnu på 13. desember, seier Baklid.

Denne natta kunne dyra tale. Husdyra syntest ho var drøy å kome gjennom.

Snakkande husdyr: På Lussinatt kunne husdyra tale. Foto: Colourbox

«Lussinatta den lange, sa kyra og beit tre vendur i bande. Ho e som to, sa bekeren. Fall fari høtt ho e, sa geita» heiter det frå folketradisjonen.

Lussi kjem av og til køyrande med eller ridande på hest.

- Aller mest farleg var det for ungar som ikkje hadde vore snille. Dei kunne ho straffe, seier Baklid.

Lussi kunne kome åleine eller fleire stykk i ei ferd.

- I Mandal var ho rundt og kontrollerte at visse typer arbeid på gardane var gjort. Ho kunne også kome storjuleftan 24. desember. Da kunne ho rope «inkje brygga, inkje baka, inkje store eldar hava» ned i pipa, seier Baklid.

Konsekvensen av å ikkje ha gjort det ein skulle kunne bli at Lussi reiv ned pipa og slo sund det som var på skorsteinen. Tidlegare rekna ein at juleperioden tok til 13. desember. Så da er det bare å sjå om det er den eine eller den andre som dukkar opp på onsdag.