Meir aktive studentar i nytt undervisningsrom

Det aktive læringsrommet er lagt opp med ni gruppebord og en skjerm der studentene følger undervisningen.
Det aktive læringsromet er lagt opp med ni gruppebord og ein skjerm der studentane følgjer undervisninga.

Eit topp moderne, aktivt læringsrom blir tatt i bruk på ingeniørutdanninga ved campus Porsgrunn dette semesteret. – I år var det fleire studentar som fekk godkjent den første innleveringa samanlikna med tidlegare, og det trur eg absolutt har med undervisningsromet å gjera, seier førstelektor Odd Sverre Kolstad.

I USNs splitter nye ALC-rom (active learning classroom) på campus Porsgrunn sit nærare 60 ingeniørstudentar samla og jobbar med planlegging, teikning og modellering av eit tenkt campusbygg. 

Odd Sverre Kolstad, som underviser studentane, er overtydd om at ALC-romet gir studentane større læringsutbyte enn det dei ville fått ved å jobbe saman i ordinære grupperom.

– I ALC-rom er studentgruppene samla rundt ein felles skjerm som gjer at dei må samarbeide og hjelpe kvarandre. Undervisninga kjem også tettare på dei ved hjelp av all teknologien som finst her. Til dømes er lydanlegget her heilt fantastisk. Eg kan snakke normalt, utan nokon form for gjenklang. Her forstår alle studentar at dei må følgje med, og at dei derfor ikkje kan drive med andre ting, fortel Kolstad.

Odd Sverre Kolstad

Passar alle studium

Kolstad tok i januar initiativet til at USN skulle få på plass eit aktivt klasserom ved campus Porsgrunn. IT-avdelinga var raskt på banen for å legge til rette romet med førsteklasses teknisk utstyr, og etter sommarferien stod romet klart til bruk.

– På ingeniørutdanninga jobbar vi mykje med prosjekt og aktiv læring, og det er romet svært godt eigna for. Men romet passar framifrå til undervisning på helse- og sosialfagutdanningane og lærarutdanninga også. Teknikken er lett å lære seg.

Det aktive læringsromet består av to ordinære undervisningsrom der ein har fjerna ein av veggane. Romet er dermed det dobbelte av eit vanleg klasserom. Det gir eit luftig klasserom med god plass til ni grupper, der kvar gruppe kan jobbe for seg utan å bli uroa. I tillegg til campus Porsgrunn finst det også eit slikt ALC-rom på campus Ringerike.

Gløymer læraren 

Ingvild Sondbø og Maria Volpe er begge førsteårsstudentar på byggdesign. Ingen av dei har hatt undervisning i eit ALC-rom før.

– Romet er veldig godt tilpassa, og det er lett å få med seg undervisninga. Lyden ber godt og vi har høgtalar på bordet som gjer at alle får med seg spørsmål som blir stilte. Når læreren snakkar og forklarar så følgjer vi samstundes med på skjermen. Av og til må han be oss løfte blikket på han igjen, for vi kan i blant bli veldig opptatte av det som går føre seg på skjermen. Vi har også betre plass til pc og bøker, fortel studentane.

Maria kjem rett frå kunststudiar i Roma og er van med veldig gamle førelesingssalar.

– Eg opplever dette romet som veldig moderne, seier ho.

Dette semesteret var det bare tre studentar som ikkje bestod første obligatoriske innlevering, noko som er færre enn i tidlegare år. Kolstad har i tillegg registrert at det alltid er godt oppmøte i desse timane.

– Det er naturleg å tenke at det har å gjera med at studentane trivst med å arbeide i dette romet, seier han.

Studentene jobber i ALC-rommet.

Krev noko anna av studentar og undervisarar

Det er ikkje forska mykje på bruk av aktive læringsrom i undervisninga, men Liv Lofthus ved USNs eining for digitalisering og utdanningskvalitet har sett på korleis ALC-rom vert nytta ved andre institusjonar. Ho trur absolutt at eit slikt rom kan gi auka læringsutbyte. 

– Denne undervisningsforma krev meir av studentane og undervisarane, og det legg opp til meir interaksjon. Romet er designa for at alle skal delta aktivt og at det vert skapt eit fellesskap ved kvart bord.

Ho strekar under at teknologien som blir tatt i bruk i romet ikkje treng å vera særleg avansert, men at undervisarane bør kunne bruke alt ustyret i romet for at det skal ha god effekt.

– Rein førelesing bør bare nyttast i mindre bolkar. Røynsle frå andre stader fortel oss at studentane er meir aktive og lærer meir i eit slikt rom.