Møt styreleiar Tore Isaksen

Styreleiar Tore Isaksen - foto
FINT MED USEMJE: Tore Isaksen synest det er fint med usemje, fordi medarbeidarar som er usamde gjev eit helt nødvendig korrektiv til han som leiar. (Foto: Jan-Henrik Kulberg)

Tore Isaksen er eit døme på kva ei lærarutdanning kan gje for moglegheiter.

Den nye styreleiaren ved USN starta som ungdomsskulelærar, og han har teke vare på engasjementet sitt for barn og unge.

– Noko av det viktigaste USN kan medverke til er å få dei unge i regionen til å ta høgare utdanning, og hindre at dei fell frå undervegs.

Vi møter Isaksen på kontoret hans i rådhuset på Hønefoss. Han er rådmann i Ringerike kommune, og har ein lang karriere bak seg i kommunal forvaltning. Det heile starta i klasseromet på Vigrestad på Jæren.

Dit drog den unge Isaksen til sin første jobb. Han blei der i tre år. Då hadde han alt rukke å bli gift. Isaksen søkte seg så til Risenga Ungdomsskole i Asker.

– Kona er frå Bærum, så eg blei med henne heim. Og der har vi blitt buande.

Tydeleg når det trengst

Han kjem frå Farsund, eit stykke vest for Kristiansand og har halde på den milde sørlandsdialekta. Isaksen har ein mild framtoning også, men veit kva han vil og kan vera tydeleg når det trengst. Det demonstrerte han allereie då han bygde hytte i ein alder av 22 år, og då han nokre år seinare søkte på jobb som rektor, fordi han såg eit forbetringspotensial i korleis rektorjobben kunne utførast.

– Eg tenkte med meg sjølv at den flottaste jobben i skulen måtte vera rektorstillinga. Eg var ikkje alltid like imponert over andre rektorar. Dermed søkte eg rektorjobb på Drengsrud skole, som den gongen var Askers største barneskule, og fekk jobben 35 år gamal.

Tett på klasseromet

– Kva var det du sakna hos andre rektorar?

– Eg syntest ikkje dei var tett nok på det som skjedde i klasseromet. Då eg blei rektor, hadde eg også bakgrunn som leiar for den pedagogiske rettleiingstenesta i Asker. Dessutan hadde eg arbeidd med skolering av alle lærarar som underviste matematikk på tredje og femte trinn, i samband med at Asker innførte kartleggingsprøver.

Gjennom dette arbeidet blei Isaksen veldig opptatt av leiing i skulen. Han opplevde lærarar som gjorde same feilen gong etter gong, utan å bli korrigerte.

– Det inspirerte meg til å jobbe med kvalitetsforbetring, og til å utfordre den privatpraktiserande praksisen i klasseromet. Det er jo ikkje sånn at du kan gjera kva du vil i klasseromet så lenge du er ferdig utdanna. Slik utviklar ein ikkje ei kunnskapsbedrift.

Starta med besøksveker

Rektor Isaksen ville ikkje berre administrere. Han ville vera ein pedagogisk leiar for lærarane. Han starta raskt med besøksveker i alle klassene ved skulen. Der observerte han kva som skjedde i timane, og tilbaud rettleiing til lærarane.

– Det var merkeleg å oppleve korleis svært dyktige og røynde lærarar plutseleg blei stressa over denne unge rektorjyplingen som kom innom. Mange var nok skeptiske i starten, men etter kvart opplevde eg at lærarane ønskte at eg kom og gav feedback.

Styreleder Tore Isaksen på USN. Foto

Fint med usemje

Det var som leiar i skulen at Tore Isaksen blei oppteken av resultat, og det er noko han har halde fast ved. Når noko ikkje fungerer, gjer han ei endring. Før han bestemmer seg, vil han gjerne høyre meiningane til andre, og ha mest mogleg kunnskap.

Han synest det er fint med usemje, fordi medarbeidarar som er usamde gjev eit helt nødvendig korrektiv til han som leiar. Men når avgjerda er teken, forventar han lojalitet. Då må dei som ikkje er einige i kursen, ta ein runde med seg sjølve og finne ut om det er mogleg å halde fram vidare, eller om dei heller bør finne seg noko anna å gjera.

Avhengig av dyktige tillitsvalde

Då Tore Isaksen starta som rådmann i Ringerike, var kommunen på den såkalla Robeklista. Det er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse.

– Vi var heilt nøydde til å nedbemanne. På to år kutta vi talet på årsverk frå 1850 til 1750. Vi gjorde det utan å seie opp nokon, og det er eg veldig stolt over. Nå er vi ein kommune med ein normal og frisk økonomi. Det hadde aldri gått utan eit svært godt samarbeid med fagforeiningane.

Dyktige tillitsvalde er heilt avgjerande for å få til omstilling, og omstilling er noko som skjer heile tida, både i kommunen og på eit universitet som USN, seier Isaksen. 

Må sjå heilskapen rundt barn og unge

Han bevega seg etter kvart frå rektorjobben til å ha ansvar for heile oppvekstsektoren i Asker. I 2007 blei han henta til jobben som utdanningsdirektør i Drammen. Som han sjølv seier, ein helt annleis kommune med dårlegare økonomi og ei stor gruppe barn og unge med bakgrunn frå andre land enn Noreg.

– I Drammen var kvar fjerde elev framandspråkleg. Eg lærte mykje, ikkje minst om korleis vi må sjå på heilskapen rundt eit ungt menneske. Her i Ringerike har vi nettopp omorganisert, og vi kallar nå ansvarsområdet for «utdanning og familie». Det er helt medvete. Vi må byggje ned siloane og tenkje heilskapleg rundt barn.

Styreleder Tore Isaksen på USN utenfor kontoret sitt på Ringerike rådhus. Foto

Jobbe i forkant, i staden for å reparere

Når vi nemner søknaden frå USN til Kunnskapsdepartementet om midlar utanom ramma, smiler han difor og nikkar. USNs førsteprioritet er solid finansiering av dei nye lærarmasterane, og deretter ein søknad om finansiering av eit kompetansesenter for barnevern.

– Dette er noko eg har vore oppteken av sidan eg arbeidde i skulen. I Noreg har vi av ein eller annan grunn hatt ein kultur for å reparere, i staden for å jobbe i forkant. Ein finn feil og reparerer, og trur det skapar framtida.

Isaksen seier det viktigaste USN kan bidra med, er å tilby moglegheiter for unge menneske i Buskerud, Telemark og Vestfold.

– Dette er tre fylke som har dei same utfordringane i befolkninga: dårlegare levekår, lågare utdanning og dermed mindre dragnad mot å studere enn landsgjennomsnittet. Det tyder at mange har ein terskel for å skulle gå vidare inn i høgare utdanning. Vår modell må vera slik at vi medverkar til å senke den terskelen. Vi skal ikkje vera som dei store universiteta i byane. Det er ikkje det vi er sette opp for av staten. Som styreleiar tenkjer eg at vi er sette opp for å utdanne høgt kvalifiserte profesjonsutøvarar, som kan nytte ut infrastrukturen i dei tre fylka. 

Han meiner dette er noko av det viktigaste USN kan gjera for studentane:

  • Campusar med høg trivsel
  • Ta vare på kvar enkelt, og hjelpe dei gjennom studiet

– Eg trur vi må akseptere at vi må dra framtidas generasjon gjennom høgare utdanning. Vi ser auka utfordringar gjennom bruk av sosiale media, mange unge har identitetsutfordringar og slit med å tru på seg sjølve. Ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å skape campuskulturar som dei elskar å vera i, fordi det ikkje berre handlar om fag, men om at dei blir verdsette som enkeltindivid.

Imponert over tilstanden på USN

Han har rukke å koma litt inn i rolla som styreleiar, og har alt leia eit par styremøte med viktige saker som USNs budsjett og økonomi, og rapportane frå internrevisjonen. Isaksen seier han er imponert over kor langt USN har kome på så stutt tid.

– Ja, eg synest det er imponerande korleis eit så ferskt universitet har greidd å byggje administrative strukturar, som får så god tilbakemelding frå internrevisorane. Fy fader for eit engasjement som må ha vore her, for å få dette på plass. USN har ein styringsmodell som er krevjande, fordi den skal byggje fagleg og administrativ styrke gjennom å vera desentralisert. Når vi likevel får bestått etter halvtanna år, så vil eg seie følgjande: Det er ikkje mange andre organisasjonar som kan gjera dette etter USN. 

Han vil gje all honnør til dei tilsette, fagforeiningane og lineleiinga, og seier stikkprøvene viser at signala frå leiinga har nådd ut. Det er veldig krevjande i store organisasjonar.

– Same korleis du har det i ein organisasjon, så er det så mykje verre å møte framtida om du ikkje har gode strukturar og lojalitet til desse strukturane. Eg meiner USN har ein god grunnmur å byggje på, og det gjev oss faktisk eit stort konkurransefortrinn. Eg trur mange andre i sektoren vil måtte gjennomføre den typen endringar som vi alt er ferdige med.

– Men så peikar internrevisorane på nokre utfordringar. Ein av dei handlar om slitne leiarar, og det blir snakka om at det krev tjukk hud for å vera leiar i akademia?

– Det finst mykje forsking på korleis leiingsutfordringane aukar med graden av autonomi blant dei tilsette. Slik må det kanskje vera, fordi dersom du skal få resultat, så krevst det autonomi. Utfordringa er å balansere det, og byggje kulturar for endring. Eg trur dei aller fleste som jobbar i høgare utdanning er samfunnsengasjerte. I løpet av dei månadene eg har vore her, har eg i alle fall fått ein djup og grundig respekt for akademia. Eg ser kor mykje USN tyder for dei tilsette. Det er difor engasjementet er så høgt, og det må vi ha respekt for.

Isaksen satt i Aasen-utvalet (leia av rektor Petter Aasen), som utforma dei nye lærarutdanningane, og var med i følgjegruppa fem år etterpå. Då dei vitja universiteta og høgskulane i samband med evalueringa, lærte han mykje om korleis reform verkar i høgare utdanning.

– Somme stader jobba dei med liv og lyst, og andre stader håpa dei at det gjekk over.

Tore Isaksen ved kontorbordet. Foto
Lojal mot politiske vedtak

Når vi nemner regjeringa si ABE-reform, som inneber faste årlege kutt på 0,5-0,7 prosent for alle statlege verksemder, seier Isaksen at dette er noko vi berre må forhalde oss til. Å vera lojal mot politiske vedtak er viktig for han, fordi det til sjuande og sist er dei folkevalde som skal ta dei store avgjerdene.

– Det er liten vits i å sitje og klage over dei som styrer, og at ting skulle vore annleis. Når du får lønnsslippen frå arbeidsgjevaren, så brukar du ikkje tida på jobben til å sutre. Då stel du energi i arbeidstida. Men det er heilt legitimt at leiinga ved USN jobbar for best moglege vilkår for universitetet.

– Eit tema som det vert snakka mykje om i sektoren i dag, er FNs berekraftmål. Statsråden ønskjer at høgare utdanning skal medverke til det grøne skiftet, og alle seier at dei har fokus på berekraftmåla, men det er store variasjonar mellom institusjonane. Kva tenkjer du om dette?

– Vi er nøydde til å forhalde oss til fokuset på berekraft. Om nokre få år trur eg berekraft vil vera eit eige tema i internrevisjonen. Eg er ikkje så oppteken av enkelttiltak som symbolhandlingar. Her i Ringerike hadde vi workshop rundt berekraftmåla. Kommunestyret valde ni mål, og har tydeleg sagt frå om at alle saksframlegg som skal til kommunestyret, skal utgreiast i lys av desse måla. Då seier dei tydeleg frå til meg som rådmann at eg skal vurdere alle tiltak opp mot ein heilskapleg berekraftstankegang.

Tore Isaksen likar denne måten å jobbe på. Dersom vi gjer sånn eller sånn, korleis verkar det inn? Gjennom slike prosessar får vi involvering og refleksjon, og vi kan endre haldningar, seier han.

– Ein kjøttfri dag i kantina kan sikkert vera greitt nok, men det er ikkje det som endrar verda. Det som vil gjera USN meir berekraftig, er når det gjennomsyrar alle avgjerder og prosessar. Dit må vi koma ganske snart. Eg meiner det blir feil at nokre som jobbar med eit viktig prosjekt skal ha flyskam, fordi dei reiser mykje i ein avgrensa periode. Det som tyder noko, er korleis prosjektet deira er med på å skape ei betre verd.

– Eit anna viktig tema er mangfald. Og det handlar jo om meir enn kjønnsbalanse, som også blei påpeika av ein av studentrepresentantane på sist styremøte.

– USN er oppteke av å betre kjønnsbalansen i leiarstillingar. Det er noko eg meiner er veldig viktig, og det er bra at det vert teke tak i. Kulturelle ulikskapar kan vera vel så krevjande som religiøse forskjellar. Eg leia jo integreringsarbeidet i Drammen i sju år. Dette er ikkje enkle spørsmål. Det er heller ikkje noko vi kan vri oss unna. Dette må vi berre handtere. Det eg trur på, er kunnskap, dialog og samarbeid. Folk gjer sjeldan ei handling fordi dei har meint at det skulle opplevast som vondt for andre. Difor er eg veldig skeptisk til å slutte å samhandle. Når nokon gjer noko vi ikkje likar, er ofte reaksjonen mindre samhandling, mens den burde vera motsett. Dette ser du ikkje minst i konfliktar på arbeidsplassen. Vi må rett og slett snakke saman.

Seier Tore Isaksen, som avsluttar praten på kontoret med å fortelje smilande at han eigentleg ikkje likar å sitje her inne med døra igjen.

– Eg klarer maksimalt ein time med døra igjen. Då må eg ut og snakke med nokon.

Tore Isaksen

Styreleiar på USN, jobbar som rådmann i Ringerike kommune.

Gift med ei kone som er rektor, og har tre vaksne barn som er adopterte frå Colombia.

Fylte nyleg 60 år.

Busett i Bærum.

Byrja som lærar på ungdomsskulenivå, før han blei rektor. 

Har mellom anna vore kommunalsjef og seinare kommunaldirektør i Asker kommune, før han gjekk over som Utdanningsdirektør i Drammen i 2007.

Utdanna adjunkt med opprykk, med vidareutdanning innan sosialpedagogikk og juss.

Trenar minst tri gonger i veka. Spring gjerne åtte-ni kilometer ute om sommaren og trenar på helsestudio på vinteren.

Beskriv seg sjølv som eit sommarmenneske, og meiner det kjem av oppveksten på Sørlandet.