Nominert til Nordisk råds litteraturpris

Eldrid Lunden. Foto
(Foto: Aschehoug)

Vi gratulerer Eldrid Lunden med nominasjon til Nordisk råds litteraturpris. Lunden grunnla og var i nær 30 år kunstnarisk leiar for forfatterstudiet i Bø.


Eldrid Lunden blir rekna som ein av Noregs fremste lyrikarar. Ho har tidlegare motteke ei lang rekke prisar, blant anna den prestisjetunge Doblougprisen, Noregs Mållags litteraturpris og Brageprisens heiderspris. Ho er æresdoktor ved Göteborgs universitet, og i 2016 utnemnde H.M. Kongen Lunden til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.

Svært glad for nominasjonen

Eldrid Lunden er nominert for si siste diktsamling «Det er berre eit spørsmål om tid», utgitt i 2018. Ho fortel at ho sjeldan har vore so overraska som då ho fekk høyre om nominasjonen:

– Eg fylgjer ikkje lenger med på prisutdelingar og slikt, men eg vart svært glad. Det er ei stor ære å bli nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Aktiv professor emeritus

Eldrid Lunden var den første i Noreg som vart professor i skjønnlitterær skrivekunst. I 2011 overlet ho leiinga av forfattarstudiet til Rune Christiansen. Lunden har  framleis kontorplass på universitetet og er svært glad for det. Ho seier sjølv at ho vil halde fram med å skrive so lenge ho treff tastane på tastaturet.

Rektor gratulerar

Rektor Petter Aasen gratulerar med nominasjonen.

Vi er stolte av at Eldrid Lunden er knytta til USN og takkar for det arbeidet ho har lagt ned for høgskolen/universitetet med forfatterstudiet, sier han.   

Nordisk råds litteraturpris vert delt ut i Stockholm 29. oktober.