Ny biblioteksjef for heile USN

Ellen Hermanrud er USNs nye biblioteksjef.
Ellen Hermanrud er USNs nye biblioteksjef.

Ellen Hermanrud blei 1. august ny biblioteksjef ved USN.


Ellen Hermanrud har jobba på biblioteket ved studiestad Porsgrunn sidan 1994. Ho er utdanna spesialbibliotekar. Dei tre siste åra har ho vore bibliotekleiar ved studiestad Porsgrunn. 1. august gjekk ho inn i stillinga som biblioteksjef for heile USN.

- Eg vil fortsetje den gode utviklinga biblioteket har hatt til nå, sørgje for å få eit best mogleg universitetsbibliotek, og utvikle og heve kompetansen hos dei tilsette på biblioteket, seier Hermanrud.

Klare mål

Ho meiner kompetente og engasjerte medarbeidarar er viktig for å kunne tilby eit best mogleg USN-bibliotek. I tillegg til at gode fysiske lokale, digitiale resursar og rammevilkår er avgjerande for å tilby det som trengst i læring og forsking. Hermanrud rosar forgjengaren Frode Bakken.

- Han har vore dyktig til å utvikle tenester og bibliotek, og flink til å sjå kva som kom av behov, seier Hermanrud. 

Stor tillit 

- Hermanrud er oppteken av at biblioteket skal drivast bra. Ho kjenner organisasjonen godt etter å ha jobba her i mange år, seier Kristin Østerholt, som er bibliotekleiar i Vestfold.

Det var ho som hadde ansvaret for biblioteka ved USN mellom Bakken og Hermanrud.

- Det er ein styrke at Hermanrud har erfaring med det praktiske arbeidet som bibliotekar og tenesteytar for studentar, lærarar og forskarar ved universitetet. Det er viktig kunnskap og erfaring å ha med seg når ho skal jobbe med strategisk utvikling av universitetsbiblioteket. Ellen er engasjert, ivrig og fagleg dyktig, og eg gler meg til å samarbeide med ho, seier Østerholt.