Ny kompetanse med gåveprofessorat

Per Halvorsen og Petter Aasen signerer avtala om gåveprofessoratet.
Per Halvorsen og Petter Aasen signerer avtala om gåveprofessoratet.

Ny samarbeidsavtale sikrar studiestad Bø eit treårig gåveprofessorat til 2,5 millionar kroner.


Universitetet i Søraust-Noreg (USN) har entreprenørskap og innovasjon i utdanning og forsking som eit strategisk satsingsområde. Til hjelp i denne satsinga har dei to sparebankstiftingane i Telemark (Holla og Lunde, og Grenland) og Sparebank 1 Telemark gjeve USN eit gåveprofessorat.

Ønsker vidareføring

Dette har varigheit på tre år, men USN tek sikte på å vidareføre professoratet i fast stilling. 25. september signerte partane den regionalt viktige avtala. 

Gåveprofessoratet er viktig for oss for å få inn ny kompetanse. Me har stor tru på denne type verkemiddel for å styrke regionen. Professoratet vil styrke profilen til studiestad Bø. Det er flott at banken og stiftingane stiller seg bak dette, seier rektor ved USN, Petter Aasen.

– Positivt for heile regionen

Professorstipendet er organisatorisk knytta til USN Handelshøyskolen og Institutt for økonomi og IT (ØIT). Instituttet held til ved studiestad Bø og har eit godt fagleg samarbeid med dei øvrige institutta i USN og med internasjonale samarbeidspartnarar. Nettverket mot det regionale arbeids- og næringslivet er omfattande og utviklast stadig.

Det er viktig å få nok kraft innanfor inovasjon og entreprenørskap. Me i banken er opptekne av innovasjon og entreprenørskap. Gåveprofessoratet er positivt for banken, universitetet og heile regionen. Me ser fram til å skape eit innhald i professoriatet saman med stiftingane og universitetet, seier Per Halvorsen, som er administrerande banksjef i Sparebank 1 Telemark.

 

 

Fakta:

Institutt for økonomi og IT har rundt 35 faglege stillingar som dekker eit breidt spekter innan økonomi, leiing og informasjonsteknologi. Fire av desse er i dag knytta til undervising og forsking innan entreprenørskap og innovasjon. Det meste av undervisninga er knytta til bachelorstudiet i innovasjon og entreprenørskap, som har god rekruttering og skaper gode resultat.

Den som blir tilsett i professoratet får eit hovudansvar med å koordinere forskingsaktivitet innanfor emneområdet ved instituttet. Det gjeld både internt, i forhold til forskningsnettverket i USN og øvrige relasjonar.

Det er ønskeleg frå USN si side at mykje av forskinga har eit internasjonalt perspektiv og samtidig regional forankring. Stillinga inneber aktiv deltaking i utvikling av studieprogram og emneplaner.