Ny vidareutdanning for lærarar

 MØTE: Fredag 16. juni hadde Senter for IKT i utdanningen møte med HSN og Høgskulen på Vestlandet.
MØTE: Fredag 16. juni hadde Senter for IKT i utdanningen møte med HSN og Høgskulen på Vestlandet. FOTO: Hjørdis Hjukse

Saman med Høgskulen på Vestlandet er me plukka ut til å vidareutvikle utdanningstilbodet for lærarar i profesjonsfagleg digital kompetanse i heile Noreg.

Å bli valt til partnarar i prosjektet med vidareutdanningstilbod for lærarar i profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK) er ei stor tillitserklæring til Høgskulen i Søraust-Noreg og dei aktuelle fagmiljøa.

– Dette er svært viktig, spanande og eit flott høve til vidare utvikling og til samarbeid både internt og med Høgskulen på Vestlandet, seier Arild Hovland, dekan ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitenskap.

Viktig kompetanse

Det er Senter for IKT i utdanningen som på oppdrag for Kunnskapsdepartementet har plukka ut dei to høgskulane til prosjektet.

– Kunnskapsdepartementet ser eit behov for kompetanseheving i denne tematikken. Dette er ein aksept av kor viktig denne vidareutdanninga er med tanke på lærarens profesjonsutvikling og profesjonsutøving. Det handlar om meir enn å beherske enkelte digitale verktøy, seier prosjektleiar Eirik Øvernes ved Senter for IKT i utdanningen.

Senter for IKT i utdanningen tok imot ni forslagstilbod om samarbeid omkring utvikling av vidareutdanningstilbod for lærarar i profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). Tilboda er vurdert i forhold til løysingsforslagets relevans, relevant fagleg kompetanse, institusjonell forankring og plan for spreiing, og relevante erfaringar.

Innovativ løysing

HSN er tildelt hovudansvaret for utvikling av to fagdidaktiske modular med fokus på 1.-7. trinn og 5.-10. trinn. Senter for IKT i utdanningen legg vekt på at HSN viser solid forståing for oppdraget og kjem med løysingsforslag som på ein tydeleg måte viser HSN si erfaring og spisskompetanse på området i sitt forslag.

– Forslaget og løysinga er innovativ, samt godt og tydeleg forankra i ulike institutt og fagmiljø, som vil bidra med oppdatert og relevant forskingskompetanse. Vidare viser HSN til andre fag i kunnskap for kvalitet-porteføljen og ser vidareutdanningstilbodet for lærarar i PfDK i samanheng med desse, grunngjev Senter for IKT i utdanningen om valet av samarbeidande lærarutdanningar til prosjektet.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er tildelt hovudansvaret for utvikling av den generiske modulen.

Tek del i prosessen

Bakgrunnen for prosjektet er at Senter for IKT i utdanningen i slutten av mars mottok eit oppdragsbrev frå Kunnsakpsdepartementet, der dei saman med lærarutdanningar blei bedd om å utvikle eit vidareutdanningstilbod for lærarar i PfDK med oppstart hausten 2018. Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen (KUF) peikar i si auka løyving til vidareutdanning av lærarar på eit aukande behov for kompetanseheving i PfDK i grunnopplæringa, og på behovet for å utvikle relevante vidareutdanningstilbod innanfor dette området.

– Nå får me moglegheita til å vere med i ein prosess. Da kjem me også til å lære meir, seier Hjørdis Hjukse, som er seksjonssjef ved Teaching and Learning Center (TLC) i avdeling for utdanning og studiekvalitet.

Studiet skal vere ein del av tilboda i strategien «Kompetanse for kvalitet» og blir tilbydd frå skuleåret 2018/19. Dette blir eit vidareutdanningstilbod for lærarar i PfDK på 30 studiepoeng.