Opning av ombygde campus Ringerike

Ein lang periode med renovering er over på studiestad Ringerike. Studentar og tilsette gler seg over nye og tiltalande fasilitetar.


Endeleg er oppgraderinga av studiestad Ringerike ferdig. Bygget står fram som betre tilpassa sitt formål, med universell utforming og effektive, fleksible, opne og lysrike areal.

Store delar av den gamle bygningsmassen er forandra. To gamle fløyer er fullstendig fornya, og eit heilt nytt bygg er reist.

Til vestibylen i nybygget har kunstnar Per Inge Bjørlo utført Sorgserien: eit integrert verk som består av tolv felt på til saman 8 x 5,4 meter. Les meir om Sorgserien på KORO sin nettstad.

Tysdag 29. oktober var det offisiell opning av den ombygde studiestaden med gaida omvisning, levande musikk, taler, snorklipping og servering av eiga «studiestadkake».

– Opne løysingar, god utsikt, masse lys

– Eg har blitt glad i denne plassen og er overraska over kor godt studiemiljø det er her – på tross av at omtrent heile sjappa har vore ei byggeplass i lengre tid. Det har vore ein del bråk og upraktiske løysingar undervegs, men no som arbeidet er over begynner eg å ta inn kor fint det faktisk har blitt, seier Marcus, som studerer IT.

Marcus, Aida, Kjersti og Malin. Foto

Medstudent Aida legg til:

– Opne løysingar, god utsikt, masse lys. Eg får ein litt flyplassaktig kjensle, seier ho.

Malin og Kjersti studerar marknadsførings-leiing og trivst også godt på Ringerike:

– Det er ganske herlig! Særskild kafeen og biblioteket er populære, men med all den gode plassen, så er det lett å samle heile gjengen, seier Kjersti.

Medstudent Malin legg til:

– Men man merker at det er etterlengta: Dei best plassane blir kapra fort, seier ho.

«Storstua»

Nybygget fungerer som «storstua» på studiestaden og rommar blant anna kafé, bokhandel, kunstverk, servicetorg og eit ope og inviterande «vrimleareal» med gode – og godt med – sitteplassar.

I tillegg husar bygget fleire kontor og dessutan delikate møterom med god utsikt frå ein mesanin-etasje. Gjennom det nye bygget er fagmiljøa samla i to etasjar. Det gjer gode høve for uformelle og formelle treff samt enkel tilgang for studentar.

Nybygget er også staden for den nye hovudinngangen til studiestaden.

Heilskapleg

Totalrenoveringa av fløyane «b-blokka» og C-blokka» bidreg til å gje studiestaden eit heilskapleg uttrykk. Sårt savna grupperom og fleksible areal for studentane har blant anna kome til.

Biblioteket står også fram i ny skrud: nye farger, gulv, møbler og framfor alt: meir lys.

Det avskjerma utrerommet, «Atriumet», er bevart som eit grøntareal i bygget, men det har kome til to rommelege terrassar over det.

Gymsalen er no omkransa av nye treningsrom med diverse apparat.

Byggeprosjektet er godt forankra hos eksterne samarbeidspartnarar, som Ringerike Kommune, Buskerud Fylkeskommune, Studentsamskipnaden, Ringerike Utvikling og Rådet for Ringeriksregionen.