Oppfinnar lagar kork-opnar med HSN-hjelp

HSNs Ole Melteig og oppfinnar Jens Arne Gill Dolmen ventar spente ved 3D-printaren for å sjå den nye prototypen som kjem ut. Foto: Anne Lognvik / NRK.
HSNs Ole Melteig og oppfinnar Jens Arne Gill Dolmen ventar spente ved 3D-printaren for å sjå den nye prototypen som kjem ut. Foto: Anne Lognvik / NRK.

Korleis opnar du ein flaske- eller kartongkork dersom du har lite kraft i hendene? Jens Arne Gill Dolmen får hjelp av HSN for å løyse gåta.


Han er ikkje den einaste som slit med å opne korken på mjølkekartongar og brusflasker. Det er mange som er veike i klypa og må ha hjelp. Det var slik ideen oppsto. CP-råka Jens Arne ville helst klare det sjølv, og han fekk ein idé til ei enkel løysing.

Frå Innovasjon Norge fekk han 225.000 kroner i støtte, og med seg på laget fekk han Høgskolen i Søraust-Norge. No har han utvikla ei prototype som er støypt i plast i 3D-printaren på høgskulen.

Høgskolelektor Ole Melteig ved campus Porsgrunn er imponert over Jens Arne og det enkle, men funksjonelle verktøyet han har utvikla.

Teksten er henta frå NRK Telemark. Les heile reportasjen og sjå video her.