Rådgjevarar frå øvste hylle

Medlemane i RSA Privat foran Forskningsparken ved studiestad Vestfold. Foto
Medlemane i RSA Privat framfor Forskningsparken ved studiestad Vestfold. Rådet var ikkje fulltaleg då bilete vart tatt. (Foto: Knut J. Meland)

USN har fått med seg leiarar og sentrale fagpersonar frå verksemder i offentleg og privat sektor i Søraust-Noreg som medlemar i våre to råd for samarbeid med arbeidslivet.


Tett samarbeid med arbeidslivet er ein føresetnad for at USN kan fylle rolla si som pådrivar i samfunnsutvikling og verdiskaping. Vi har difor valt å etablere to Råd for samarbeid med arbeidslivet: «RSA Offentlig» og «RSA Privat».

• «RSA Offentlig» er forankra i utviklingsprosjektet HSN Profesjon

• «RSA Privat» er forankra i utviklingsprosjektet HSN Partnerskap

Føremålet med råda er å utvikle og styrke USN som ein profesjons- og arbeidslivsretta institusjon gjennom ein strategisk og strukturert dialog med samfunns- og næringsliv.

RSA Offentlig. Foto

– Sikrar samfunnsrelevans

– For USN er det viktig å halde nær kontakt med sektorane vi utdannar for – det bidreg til å sikre vår samfunnsrelevans. Me har behov for tilbakemeldingar på korleis vi som forskings- og utdanningsinstitusjon skal utvikle oss for å stø regionale og nasjonale behov for framtidig kompetanse, og vi ønsker nært samarbeid om utdanning og FoUI, seier rektor Petter Aasen, som er ein av fem faste representantar frå USN i båe råda.

Han legg til at dei to råda også har ein viktig funksjon gjennom å legge til rette for at USN i større grad kan vere aktivt med i utforminga av regionale kompetansestrategiar.

– Vi ønsker at «RSA Offentlig» og «RSA Privat» vert spanande arenaer for diskusjon og informasjon, og at dei to råda også kan gje innspel til vårt strategiske arbeid, seier Aasen.

Første samling

«RSA Privat» hadde si første samling 4. september på studiestad Vestfold. «RSA Offentlig» hadde si første samling 13. september, også dette på studiestad Vestfold.

Forutan USNs faste medlemar, består råda av leiarar og sentrale fagpersonar frå verksemder i offentleg og privat sektor i Søraust-Noreg.

Oversikt over medlemar:

• RSA Privat

• RSA Offentlig

Organisering, leiing og sekretariat vert oppnemnd for fire år av gongen, og råda skal normalt møtast to gongar om året under leiing av rektor.