Rauland Internasjonale Vinterfestival

Dans på Rauland Vinterfestival 2016
Marianne Tvitekkja og Torbjørn Rua Dokken dansar samen under fjorårets vinterfestival i Rauland. (Foto: Knut Utler)

Norsk tradisjon møter slektningar frå Irland og Polen på årets vinterfestival i Rauland. Konsertar, utstilling, film, dans og kurs fyller dagane 15. - 19. februar. Bak festivalen står Høgskolen i Søraust-Noreg, Institutt for tradisjonsmusikk og folkekunst.

Tradisjon er alltid på vandring, og dei aller fleste norske tradisjonane har røter i andre land. Etter kvart som tida går får tradisjonen lokalt særpreg.

Pols og masurka

Polen var ei europeisk stormakt gjennom store deler av middelalderen og var slik ein kulturspreiar av rang også når det gjaldt dans og musikk. Det er ikkje tilfeldig at norske folkedansar ber namn som pols – altså «polsk dans» – og masurka, den polske «nasjonaldansen». 

Nettopp Polen står i sentrum under årets festival: Janusz Prusinowski Kompania står midt oppe i den spanande oppblomstringa som polsk folkemusikk og folkedans opplever for tida. 

Dei er hovudattraksjonen under konserten på fredagskvelden. Dessutan held dei kurs og blir også å høyre under den store konserten laurdag kveld.

Som sjøfartsnasjon har Noreg hatt mykje kulturutveksling vestover mot Dei britiske øyene. På årets vinterfestival kjem ei gruppe på to lærarar og fem studenter frå folkemusikkutdanninga ved Dundalk Institute of Technology i Irland.  

Sverige, Finland og Bhutan

Den Kungliga Musikhögskolan i Stockholm er representert av Mikael Marin, bratsjist av verdssklasse, og frå Sibeliusakademiet i Helsinki kjem kantelespelaren Pauliina Syrjälä.

Og ikkje minst frå det vesle fjelllandet Bhutan kjem ein stor musikar: Jigme Drukpa – tidlegare Raulandsstudent.

I tillegg kan vinterfestivalen friste med mange svært dyktige norske musikarar: Ragnhild Furholt, Anders Røine, Elisabeth Vatn, Raabygg, Mats Johansson, Ragnhild Knudsen, Ånon Egeland, Einar Øverland, Myllargutens Gammaldansorkester og FriFolkMetall. 

Kappleik og dans

På laurdagen går Vinterkappleiken av stabelen. Her blir det tevla i hardingfele, fele, kveding, pardans, lausdans, lagdans, open klasse, eldre folkemusikkinstrument og torader/dragspel. 

På kveldstid både fredag og laurdag er det duka for drivande godt dansespel med mellom andre Lars Erik Øygarden, Per Åsmund Omholt, Falkeriset med fleire.  

Rauland Internasjonale Vinterfestival er fem intensive dagar med folkemusikk og tradisjonskunst – ein møteplass for utøvarar frå mange land i flott vinternatur.