Slik endra barna lesemønster

Større engasjement: Da HSN-tilsette arbeida med korleis lesing blir praktisert i barnehagen, så byrja barna å interessere seg meir for bøkene. Foto: Colourbox
Større engasjement: Da HSN-tilsette arbeida med korleis lesing blir praktisert i barnehagen, så byrja barna å interessere seg meir for bøkene. Foto: Colourbox

Tre HSN-tilsette har gjennom sitt arbeid med barnehagelærarar i Tønsberg oppdaga at barn som får vera med å setje dagsorden blir meir engasjerte i lesing.


Tønsberg kommune ville setje fokus på litterært arbeid i barnehagane og kontakta Høgskulen i Søraust-Noreg. 34 barnehagar deltok i prosjektet.

- Me rettleia barnehagelærarane i korleis dei las med ungane. Dei fekk fagleg påfyll i felles og oppdelte grupper, seier Trine Solstad, som er fyrsteamanuensis i språkfag ved HSN.

Ho underviser i barns språk og litteratur i barnehagelærarutdanninga, og har skrive fleire bøker og artiklar om høgtlesing i barnehagen og om barns møte med bildebøker.

Oppgraderte bokhylla

Tidlegare fyrstelektor i pedagogikk ved HSN Turid Thorsby og høgskulelektor i språkfag ved HSN Anne Marie Øines deltok også i prosjektet, som førte til boka «Lesepraksiser i barnehagen».

Kva er god barnelitteratur, kva bør finnast i hyllene i barnehagen, og kva slags tilgang bør barna ha til bøkene, er spørsmål dei tre HSN-forfattarane tek opp.  Forfattarane ønsker å gje lesarane innsikt i og kunnskap om kva lesing kan vera. Dessutan gjera lesarane begeistra og lystne på å utforske og utvikle ein eigen lesepraksis saman med barn. Boka rettar seg mot studentar og forskarar i barnehagelærerutdanninga, men vil også vera aktuell for alle barnehage-tilsette, ifølge dei tre forfattarane.

- Saman med barnehagelærarane fann me ut at det ikkje lesast så mykje i barnehagane som ønskt. Lesinga blei brukt meir disiplinerande enn frigjerande, forklarar Solstad.

Trine Solstad er førsteamanuensis i språkfag ved HSN. Ho underviser i barns språk og litteratur i barnehagelærarutdanninga, og har skrive fleire bøker og artiklar om høgtlesing i barnehagen og om barns møte med bildebøker.

 

I prosjektet kom det fram at barnehagane hadde mykje gamal, lite oppdatert og noko dårleg litteratur. Dei siste 10-20 års bildebok-produksjon var ikkje representert i hyllene.

- Barnehagane som var med på prosjektet endra på boktilbodet og da endra unganes lesepraksis seg. Dei ville lese oftare, seier Solstad.

Når barna får setje dagsorden

I doktorgradprosjektet «Snakk om bildebøker! En studie av barnehagebarns resepsjon» disputerte Solstad i 2015 kva som skjer når barna, og ikkje dei vaksne, tek ansvaret for samtaler rundt det dei les.

- Det skjer noko med ungane når dei får setje dagsorden og ta initiativ, seier ho.

Lærarane opplevde prosessen som frigjerande sjølv om dei ikkje rakk å lese bøkene ferdig. Måten å bruke lesestunda på appellerte også slik at nye barn ville lese.

- Me har latt lærarane utforske og trekkje konklusjonar sjølve. Det er spanande å la fagfolk reflektere over eigen praksis, konkluderer Solstad.

Spurte om å bli lest for

Nå skal dei tre HSN-forfattarane halde kurs for Utdanningsforbundet og det viser interesse for temaet.

- HSN sitt samfunnsmandat dreier seg mellom anna om å gå i dialog med lokalmijøet og samfunnet rundt høgskulen og det framtidige universitetet. Det er viktig og gledeleg at eit doktorgradsarbeid blir brukt og får tyding på praksisfeltet, sier Solstad.

Høgskulelektor i språkfag ved HSN Anne Marie Øines stør opp om det Solstad seier. Ho fortel at den viktigaste endringa hos barna er at dei spurde om å bli lese for i mykje større grad enn tidlegare.

Valde andre bøker

- Dette trur eg handlar om endringane i bokutvalet, og måten dei vaksne presenterte boka på. Auka kunnskap om bildebøker, førte til at personalet las andre bøker for barna enn dei gjorde tidlegare. Mange av dei tilsette observerte at når barna fekk bestemme kva for bøker som skulle lesast, valte dei av dei nye bøkene. Ho meiner det at barna i større grad fekk delta med sine meiningar i lesestunden forklarar auka etterspurnad etter lesing.

- Ny forståing av kva ein meiningsfull lesesituasjon kan vera var ei viktig endring hos barnehagelærarane. Mange uttrykte at dei var direkte letta over å bare kunne forbli på eit oppslag i boka, og at det ikkje lenger var eit mål å få lest gjennom heile boka. Dei oppdaga også verknaden av å trappe ned på si eigen spørsmålsmengde. Færre spørsmål, førte til aktive og deltakande barn, forklarar Øines.

Anne Marie Øines er høgskulelektor i språkfag ved HSN. Ho underviser i barns språk og litteratur i barnehagelærerutdanninga, og er mellom anna opptatt av barnehagelæraranes arbeid med fleirspråklege barn og barnelitteratur i barnehagen.

 

Vidareføring til Horten

Prosjektet blir også teke vidare til Horten kommune, men da på ein litt annan måte. I løpet av eit år skal Horten bibliotek, fire kommunale barnehagar og Vestfold fylkesbibliotek jobbe saman med HSN for å få til meir lesing blant barn og større bruk av biblioteket.

Sosiolog og barnehageforskar Mari Pettersvold ved HSN fortel at Horten-prosjektet kom som følge av tilbakemeldingar om at førespurnaden etter fleire barnebøker i bokhandel og bibliotek i Tønsberg hadde auka i etterkant av arbeidet i barnehagane der. Ho har ikkje delteke i prosjektet, men reflekterer i eit eige kapittel i «Lesepraksiser i barnehagen» over at det å lese skjønnlitteratur kan opne for å forstå meir av eigen og andres verd.   

- Dette handlar også om at HSN realiserer sitt samfunnsmandat. Eg er oppteken av at HSN samarbeidar med regionen sin, seier Pettersvold.

Ho meiner biblioteket er ein unik institusjon.

- Alt er gratis for lesaren. Barnehagar, foreldre og ungar må kome seg meir dit. Noreg er i verdstoppen når det kjem til bildebøker på grunn av estetikken og dei finurlege historiene. Der kan ein også få bøker på eige morsmål. At barn får eit forhold til lesing tidleg, og erfarer lesing som meiningsfylt, gjev store moglegheiter seinare i livet, seier Pettersvold.