Smir sine eigne munnharper

Simen Iversen held fram ei munnharpe. Foto

Høyr kor det lét når folkekunststudent Simen Iversen drar i veg på heimelaga harpe.


Simen Iversen nærer ei djup kjærleik til munnharpa. Som student på campus Rauland får han utlaup for denne.

– Her er dei fleste opptatt av folkemusikk, og eg har stort sett alltid ei harpe på meg, seier 22-åringen.

Sjå han i aksjon:

Sagblad og smijern

Iversen byrja på HSN som student på Årsstudium i folkemusikk hausten 2015 og hadde munnharpe som hovudinstrument. Mykje av fritida vart brukt i smia på campus, kor han lærte å gjere sagblad og smijern om til vakre munnharper. Etter eit år fann han ut at han treivst godt i smia at han søkte seg over på folkekunst-studiet.

– Eg trivst godt når eg får brukt hendene mine, og det får me absolutt gjort her. Nett no har eg levert årsoppgåva, som stort sett innebar verkstadsfag. For meg er det midt i blinken at det er so mykje praktisk arbeid, fortel Iversen, som har rokke å lage 30-40 munnharpar på dei to åra han har vore på campus Rauland.

Og fleire lyt det nok bli: Årsstudiet i folkekunst ga meirsmak, og Iversen ynskjer å fortsette på bachelorgradsprogrammet i folkunst etter sumaren.

Dobbel kappleikvinnar

Harpene til Iversen held høg kvalitet. To år på rad har han gått sigrande ut av kappleikane innan eldre folkemusikkinstrument under Vinterfestivalen på Rauland, sjølvsagt med heimelaga harpar båe gonger.

Han konsentrerer seg om den klassiske, avlange, norske harpa, der fjøra vert festa med ein kile i staden for å vorte klinka fast, og der sjølve bøyelen er liten i forhold til armane.

–  Jo lengre armane og fjøra ligg inntil kvarandre, desto meir ljod får man. Det handlar om å få meist mogleg ut av det, seier Iversen.

Iversen har ein god samling sagblad som han nyttar til harpefjør, sjølve krumtappen i ei god harpe.

– Om ein skal smi harper er det ein kjempefordel å kunne spele, for då veit du kva slags ljod du er ute etter. Eg har ein haug med sagblad, og eg brukar alltid godt med tid på å finne dei blada som gjev akkurat den skarpe og klåre ljoden eg liker, fortel han.

Strupekontroll

– Det slår meg at det er so mykje meir ved det litle instrumentet enn folk fleist trur. Det har et ufortent dårleg rykte. Mange tenkjer at det berre er «boing-boing» og ikkje noko meir, men munnharpa må man øve på på lik linje med andre instrument, seier han.

Munnharpa beveg seg i naturtoneskalaen, nett som seljefløyta, men krev høg grad av gehør av traktøren. I motsetnad til ei fele, der man kan sjå kor man set fingrane, er det umogleg å sjå korleis tunga ligg. Samstundes krevst ein teknikk der ein lukkar strupa for å få fram ulike tonar.

– Då eg verkeleg gjekk inn for å spele harpe var det eit heilt nytt musikkunivers som opna seg for meg. Det er noko særeige med harpa og dei skeive tonane: Det høyrast kult ut, og det gjev liksom den rette «folkemusikkschwungen», seier Iversen.

Ny grovsmie i kjømda

På Rauland held me no på å byggje ny smie for grovsmiing. Arbeidet blir gjort etter initiativ frå professor Arne Magnus Johnsrød, der han sjølv bidreg med mykje av arbeidet på dugnad.

– Dette kan bli eit viktig løft for å vera med å bringe norsk smikunst med oss inn i framtida. Eldsjeler som Johnsrud er viktige, ikkje minst for å sikre at talent som Iversen får utfolda seg, seier Stian Roland, som er leiar hjå Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på campus Rauland.