#Sommarkroppen – sunt eller usunt?

Solfrid Bratland-Sanda er glad sommarkroppen-fenomenet har blitt meir harselas enn alvor.
Solfrid Bratland-Sanda er glad sommarkroppen-fenomenet har blitt meir harselas enn alvor.

Varmt vêr og mindre klede gjev ei heilt anna eksponering av kroppar enn i dei kaldare årstidene. Difor er det heilt naturleg at fokus på kropp aukar samtidig.

Nå har varmen vore til stades ein månad. Emneknaggen «sommarkroppen» var i flittig bruk for nokre år sidan. Er han det framleis? Gjer eit slikt kroppsfokus nytte eller unytte for folk flest?

LES MEIR: Kritisk til å merke mat med treningsikoner: - Det blir matstress

Vitsar med begrepet

Fyrsteamanuensis ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitenskap ved studiestad Bø Solfrid Bratland-Sanda gjer seg nokre tankar om fenomenet. Ho har kompetanse i idretts- og treningsfysiologi, fysisk aktivitet og helse, treningsavhengigheit, spiseforstyrringar og vektregulering.

– Eg har merka meg at ein del har byrja å harselere og vitse med begrepet, samtidig som til dømes treningssenterkjeder brukar sommerkroppen for å marknadsføre produkt og tenester, seier Bratland-Sanda.  

– Det fyrste synast eg er kult, det andre ikkje like kult fordi eg skulle ønskje treningssenter kunne bli flinkare på å bruke kroppens funksjonalitet framfor kosmetisk og estetisk utsjåande i marknadsføringa. 

LES MEIR: - Feil personleg trenar kan gi helseskader

Betre å vera i form enn velforma

– Kva med ei kampanje som sa at det hjelper ikkje helsa di å sjå sterk ut, du må faktisk bli sterk også, spør ho.

Bratland-Sanda meiner dei som har god sjølvtillit og som står trygt i seg sjølv ikkje let seg påverke negativt av Sommarkroppen-kampanjer og emneknaggar.

– Me kan tenke at slike kampanjar får folk i gang med trening, men ofte så er det høgst forbigåande. Dei som har grodd fast i sofaen treng ofte anna stimuli for å kome i gang, og nokon av dei vil også kjenne på ein resignasjon og auka kroppsmisnøye. Dei som slit med dette er dei me er bekymra for, og som står i auka fare for å utvikle eteforstyrringar, seier Bratland-Sanda.

Ho trur me kanskje har sett toppen av #sommarkroppen.

– Eit kjapt søk på til dømes Instagram viser at toppen var i 2016. Me som er fagpersonar på fysisk aktivitet og helse bør heller slå eit slag for at det er betre å vera i form enn velforma, oppfordrar ho.

LES MEIR: USN-forsker blant dei unge, lovande