Studiebarometeret 2019: Studentane har sagt si meining

Viserektor for utdanning og studiekvalitet ved USN, Halvor Austenå, har saman med nestleiar i studentdemokratiet ved USN, Karoline Lie, sett på resultata frå årets studiebarometer der 1970 USN-studentar har gjeve tilbakemeldingar på 126 studieprogram.
Viserektor for utdanning og studiekvalitet ved USN, Halvor Austenå, har saman med USN-student og nestleiar i studentdemokratiet ved USN, Karoline Lie, sett på resultata frå årets studiebarometer der 1970 USN-studentar har gjeve tilbakemeldingar på 126 studieprogram. Foto: An-Magritt Larsen.

Tala frå studiebarometeret 2019 viser at USN-studentane stort sett er godt nøgde med kvaliteten på studieprogramma dei går på.


Årets resultat samsvarar i stor grad med tidlegare år. 

– Det er store tal og mykje statistikk i årets studiebarometer, men tala syner at det går framover med studiekvaliteten på USN, seier viserektor for utdanning og studiekvalitet ved USN, Halvor Austenå. Saman med nestleiar i studentdemokratiet ved USN, Karoline Lie, har han sett på resultata frå årets studiebarometer.  

Den årlege undersøkinga blei send ut til 3934 2. årsstudentar på bachlor- og masterprogram ved USN i oktober. 1970 studentar har svara på undersøkinga, og det gjev ein svarprosent på 50.

Studentane har mellom anna gjeve tilbakemeldingar på kor nøgde dei er med undervisning, læringsmiljø, tilbakemelding og rettleiing, eige engasjement og læringsutbyte, medverknad og organisering.

Det overordna talet for USN er nokså likt fjoråret, der studentane totalt gjev ein karakter på 4 av 5 moglege for kor nøgde dei er alt i alt.  Det er nokså likt landsgjennomsnittet på 4,1.

I årets studiebarometer har ein gått grundigare inn på tematikken praksis og tilknyting til arbeidslivet.

Forbetringar av praksis

Studentane er nøgde med rettleiinga undervegs i praksisperioden, kjem det fram av årets studiebarometer. Praksis var eit område studentane var mindre nøgde med i fjor, da spesielt kommunikasjonen mellom praksisstad og institusjon og organiseringa av praksisopplæringa. Dette har nå snudd.

– Vi brukar tilbakemeldingar frå studiebarometeret aktivt, og derfor er det viktig at studentane svarar. Der vi scorar dårleg, set vi inn ein innsats. Dette har nok også skjedd på praksisdelen. Tala blir lesne og dei blir brukte, seier viserektor Halvor Austenå.

Studentane er også nøgde med vurderingsformene på studieprogrammet. Det gjeld spesielt eksamenar, innleveringar og andre vurderingsformer.

Biblioteket og bibliotekets tenester rangerer studentane svært høgt på alle 8 campusane. Dei scorar frå 4,2 til 4,5 av 5 moglege.

Ønskjer seg meir tilknyting til arbeidslivet

Studentane er nøgde med kompetansen studieprogrammet gjev dei, og meiner den er viktig i arbeidslivet. Mange studentar ved USN opplever likevel å bli lite informerte om arbeidslivet, og meiner at det i liten grad vert lagt til rette for å knyte kontaktar i arbeidslivet.

De ønskjer seg fleire gjesteførelesarar, å møte fleire arbeidsgjevarar, bedriftsbesøk m.m. Mange studentar meiner også at dei får for lite informasjon om bransjar og arbeidsgjevarar som er relevante for dei. Her får USN ein overordna score på 3,3, mens landsgjennomsnittet er 3,2.

– Vi scorar godt på praksis, men altså dårleg på nærleik til arbeidslivet. Det må vi ta med oss. Det skal også seiast at hovudparten av dei som svarar på studiebarometeret er andreårs studentar på bachelorprogram. Den hausten dei svarar på studiebarometeret er nokså teoretisk tung, seier Austenå.

Tilbakemelding og medverknad

Noko av det studentane er minst nøgde med i studiebarometeret, er tilbakemeldingar og rettleiing. Det gjeld både tal på tilbakemeldingar dei får frå fagleg tilsette på arbeidet sitt, men også innhaldet i tilbakemeldingane. Studentane opplever også i mindre grad å ha høve til medverknad.

Studentane har mange høve til å påverke studiesituasjonen sin. Ein av desse er emneevalueringar.

– Her får du som student høve til å melde frå direkte på emnenivå. Men mange føler nok at desse innspela ikkje blir følgde opp, og gjer dei det, så er det kullet under som får nytte av det, og ikkje studentane som melde frå, seier Karoline Lie som jobbar spesielt med utdanningskvalitet i Studentdemokratiet ved USN.

– Vi meiner derfor at det er viktig at emneansvarleg i samråd med dei kulltillitsvalde i etterkant får tilbakemelding til kullet, så studentane får eit prov på at røysta deira blir høyrd. Også når det kanskje ikkje er råd å gjere ei endring, er det viktig at studentane får ei tilbakemelding om kvifor.

- Teknologi kan frigjere tid

I tala kjem det fram at studentane stort sett er nøgde med undervisninga og særleg korleis den dekkjer pensum i studieprogrammet. Dei fleste meiner også at undervisninga er engasjerande og at lærestoffet blir formidla på ein forståeleg måte.

Bare halvparten av studentane meiner at undervisninga er lagt opp til at studentane skal delta aktivt. Dette samsvarar godt med at mange studentar meiner digitale verktøy ikkje vert bruka på en slik måte at studentane blir aktivt involverte i undervisninga.

– Teknologien kan vere med på å endre undervisningsformene og frigjere tid – som igjen kan gå til tilbakemeldingar og rettleiing som studentane vil ha meir av. Her oppmodar studentdemokratiet USN sterkt til å ta i bruk aktive undervisningsformer, det vil frigjere tid og auke motivasjonen, seier Lie.

USN-studentane er i stor grad nøgde med det faglege miljøet blant studentane på studieprogrammet. Dei aller fleste studentane ved USN meiner det blir stilt klare krav og forventningar til dei, men det er sjølvsagt variasjonar på utdanningane.

– Vi er opptekne av fagleg fellesskap. Vi er også opptekne av å få opp gode linjeforeiningar og gode arenaer for faglege diskusjonar for studentar, tilsette og mentorar frå arbeidslivet. Relasjonar er viktig for oss, seier Lie.

Faktaboks

Studiebarometeret er ei nasjonal studentundersøking som vert gjennomførd årleg blant 2. års og 5. års studentar ved høgskolar og universitet i Noreg. Den kartlegg kva oppfatningar studentane har av utdanningane dei tar, og blir gjennomført av det nasjonale ubundne kvalitetssikringsorganet NOKUT på oppdrag av Kunnskapsdepartementet.

Studiebarometeret blei gjennomført for sjuande gong hausten 2019.

Over 32000 studentar svara på undersøkinga, noko som utgjer en svarprosent på 50 . Undersøkinga dekkjer så godt som alle norske universitet og høgskolar, og totalt inngår 1790 studieprogram. (tal for heile landet)

På studiebarometeret.no kan du finne resultat frå 126 studieprogram ved USN.

Les heile rapporten fra NOKUT «Studiebarometeret 2019: Hovedtendenser».