Studietips: Rakel fekk 20 A-ar på vitnemålet

Rakel Lilly Albertsdottir jobba steinhardt og fekk 20 A-ar.
Rakel Lilly Albertsdottir jobba steinhardt og fekk 20 A-ar.

Rakel Lilly Albertsdottir (22) har lagt ned mykje innsats i det imponerande vitnemålet frå studiestad Kongsberg.

USN-studenten Rakel Lilly Albertsdottir kjem opphavleg frå Island og bur nå i Mjøndalen. Studiane i økonomi og leiing har ho teke ved studiestad Kongsberg. At det var økonomi og leiing som skulle bli hennar veg var tilfeldig. Etter å ha gått ut av ungdomsskule og vidaregåande skule med snitt på 5 var ho ikkje interessert i noko friår før ho tok til på høgare utdanning.

– Eg ville ha ei allsidig utdanning og bestemde meg dagen før søknadsfristen gjekk ut. Eit halvt år inn i studiane oppdaga eg kor gøy dette var. Eg fann ut at eg synast dette var moro å halde på med på fritida. Da gjekk det vegen, seier Albertsdottir.

Traff rett studie

– Det er mykje tal og eg synest studiet er veldig verkelegheitsbassert. Eg likar teorien bak tala. Marknaden og bedriftene er også spanande, seier superstudenten.

I sommar skal ho ta seg ein velfortent bilferie i Italia og Kroatia med kjærast, familie og bikkjekvalp. Til hausten ber det av stad til Edinburgh for å ta mastergrad i finans på eitt år.

– Eg håpar på å få ein spanande jobb i området Kongsberg-Oslo, seier den flittige studenten, som har eit mesterleg vitnemål å vise til.

På vitenmålsfesten 12. juni stiller ho i islandsk nasjonaldrakt, som faren har sydd. På papiret står 20 A-ar og tre B-ar. B-ane skulle ho helst sett var A dei også.

– Dei tre bane kjentast ut som stryk, seier Albertsdottir.

Råd til andre studentar 

USN-studenten skildrar seg sjølv som strukturert. Ho jobbar intensivt når ho studerer. Det blir ofte 12 timars-dagar.

– Det er hard jobbing bak kvar eksamen. Pensum kan eg som regel utanåt. Eg er veldig strukturert av meg og byrjar å lese intenst til eksamen fleire månadar i førevegen, forklarar Albertsdottir.

Når 22-åringen ikkje sit over bøkene brukar ho tida si på kvalpen Embla, vener og politikk. Her er Albertsdottir sine råd til studentar som siktar mot toppkarakter:

– Nok søvn. Det blir alltid åtte timar på meg kvart døgn. Møte i alle førelesingar. Vera strukturert og ikkje byrje eksamenslesinga for seint. Ver flink til å spørje medstudentar og førelesarar for å tileigne deg meir kunnskap, oppfordrar Albertsdottir.

Ho avsluttar intervjuet med å framsnakke medstudenten Ida Kasin. Dei to har jobba mykje saman dei tre siste åra og Kasin fekk heile 19 A-ar.