Sunna anno 2016

Professor Arne Magnus Johnsrød veileder folkekunststudent Sunna-Inga Gaup Aamot på metallverkstaden. Foto
Professor og korpusmakar Arne Magnus Johnsrød veileder folkekunststudent Sunna-Inga Gaup Aamot på metallverkstaden ved campus Rauland.

Sunna-Inga Gaup Aamot rauk ut frå «Anno» på NRK akkurat tidsnok til å ta fatt på ei ny, stor utfordring på HSN.


Tekst og foto: Knut J. Meland

Gjennom røyndoms-tv-serien «Anno» på NRK vart ein skare av sjåarar kjende med Sunna-Inga Gaup Aamot, den 27 år gamle folkekunststudenten ved Høgskolen i Søraust-Noreg med det breie smilet og den sterke viljen.

Les meir om bachelor i folkekunst ved HSN

Aamot vart den tredje deltakaren som rauk ut, men i laupet av dei ni episodane ho vart med, rakk ho å setje eit tydeleg avtrykk, både som ein framifrå handverkar med høg arbeidsmoral og som ein sterk personlegdom.

I «Anno» kjempar deltakarane om å klatre i det sosiale sjiktet, og Aamot vart den fyrste som lukkast med å heve seg frå «bermen». Ho vart utropt båe som svein og meister innan ho vart tvinga inn i ein avgjerande fektekamp der ho tapa med knappast mogleg margin og vart send heim.

Glad til

– Det var inga stor sorg for meg å ryke ut. Med unntak av å vinne heile greia, rakk eg å oppleve alt eg hadde ynskt på førehand. Eg har aldri før laga noko så stort som meisterverket mitt i «Anno». Erfaringa har fått meg til å prestere betre på høgskulen og planlegge betre. Eg trefte også mange eg i dag kan kalle vener for livet. Vi opplevde noko unikt i lag; vi deler noko ingen andre gjer, seier Aamot.

Sunna. Foto

Eit plaster på såret var at ho rakk tilbake til semesterstart på campus Rauland. Innspelinga gjekk nemleg føre seg i august, og om Aamot ikkje hadde roke ut, måtte ho ha venta for å fullføre utdanninga.

– Eg gambla faktisk med utdanninga mi. Anten ville eg gå ut tidleg eller vinne heile greia. Når det gjekk slik det gjorde, er eg faktisk glad til, seier ho.

På folkemunne

Aamot skal no i gang med å setje sjølve krona på verket av si treårige bachelorutdanning ved HSN: Ho er i gang med siste semester i utdanningslaupet, og all tid på høgskulen går med til sjølve fordjupingsoppgåva.

Ho har valt spesialisering innan metall og jobbar i hovudsak med sylv: omformar det frå si reinaste form til vakre, forseggjorte gjenstandar. Ho nyttar ein delikat og vanskeleg teknikk kalla filigran, som inneber at særs tynne trådar og kuler av sylv vert bøygd, vridne og lodda fast i mønster med små mellomrom, og til saman utgjer eit objekt.

Filgran

Men objekta hennar skal også fortelle ei historie:

– Gjennom fordjupingsoppgåva utforskar eg den munlege forteljartradisjonen, og vil lage ein serie med objekt som beskriv nykelscenar i ei fortelling frå samisk historie. Eg skal velje ei historie som aldri vart nedteikna, og det skal bli spanande å vidareføre ho i ny form, men framleis utan skrift, fortel den engasjerte studenten.

Kreativ under press

Aamot ynskte seg ei praktisk retta utdanning, og dét fekk ho på HSN:

– Her lærer vi oss faget frå botnen og brukar mykje tid på verkstaden. Det er naudsynt om du har ambisjonar om å starte ei sjølvstendig bedrift, slik eg har tenkt, seier Aamot, som hadde utplassering i sitt andre studieår hos metallkunstnar Teresa Lewoc.

Ho fortel at studiet kan vere tøft til tider:

– Eg merkar særleg at eg vert utfordra på den kreative sida: Her vert ein tvinga til å rive seg laus frå behovet for stadig sannkjenning om at det ein gjer er bra nok. Dessutan kan det vere utfordrande å få i gang den kreative prosessen under press, seier ho.

Hjartestaden Rauland

Aamot fann seg godt til rette i Gamle Fredrikstad anno 1721, men Rauland har vorte det ho kallar ein «hjartestad»:

– Ein hjartestad er ein stad du ikkje gløymer så lett. Rauland og campusen her kjem eg bestandig til å ha med meg. Alle som kjem hit, verkar til å få hjartevarme for Rauland, seier ho.

Sunna. Foto

Les meir om bachelor i folkekunst ved HSN