Tidlegare student kapra draumejobben

Gjennom nålauget: Det var 15 stykk som søkte på stillinga som festivalkoordinator hos Notodden Blues Festival. Den tidlegare HSN-studenten Mari Beate Sannes (29) fekk den gilde jobben.
Gjennom nålauget: Det var 15 stykk som søkte på stillinga som festivalkoordinator hos Notodden Blues Festival. Den tidlegare HSN-studenten Mari Beate Sannes (29) fekk den gilde jobben.

Mari Beate Sannes (29) har studert kultur ved studiestad Bø og hatt 13 verv ved Kroa. Nå har ho fått jobb som festivalkoordinator på Notodden Blues Festival.


Med to bachelorgrader, ein i estetisk og allmenn litteraturvitenskap (UIO) og ein i kultur, formidling, og forvaltning (HSN), er Mari Beate Sannes godt skodd for å ta på seg ein såpass krevjande jobb i ein så stor festival. Sjølv meiner ho at det frivillige arbeidet ved Kroa har vore avgjerande.

- Der har eg lært å jobbe administrativt og strukturert, å sjå verdien av god kommunikasjon og har blitt godt kjent med den norske konsertscena, seier Mari Beate Sannes.

Engasjert student

Den nybakte festivalkoordinatoren meiner det viktigaste for å få jobb i framtida er å engasjere seg i studietida. Sjølv har ho mellom anna jobba frivillig som bookingansvarleg, styreleiar, vaktsjef, og i studentavis og studentradio.

- I lengda vil ein tene på erfaringane og dessutan bygger ein nettverk. Nettverk er alfa omega i kulturbransjen. Du er nøydt til å ville ut å møte folk, seier Sannes.

Ho anbefaler folk å studere det som nå heiter bachelor i kulturleiing ved HSN i Bø.

- Det er engasjerte førelesarar, rikt miljø, Kroa er god for erfaring og Bø er ekstremt imøtekomande. Eg har alltid kjent meg velkomen her, seier Sannes.

Inkluderande festival

Den tidlegare HSN-studenten startar i den spanande stillinga 1. mars. Da blir det opplæring og overlapping etter nåverande koordinator Anlaug Landsverk.

- Det blir utruleg gøy, veldig skummelt og kjempespanande. Eg er nervøs og spent, seier Sannes.

Bluesfestivalen er likevel ikkje ukjent for ho. Ho har vore med på å arrangere den i tre år alt. Fyrste året som frivillig i bar. Dei to siste som leiar for bar og servering.

- Som leiar for servinga har eg sete i medlemsforeininga saman med leiarane og nestleiarane for dei ulike arbeidsgruppene og festivaladministrasjonen. Der blei eg betre kjent med organiseringa og drifta av festivalen, seier Sannes.

Ho skildrar festivalen som open, gøyal og inkluderande med stort spenn i musikk, kultur og alder.

Stort ansvar

Målet til Sannes er å bygge den ultimate bluesfestival. Økonomien er fyrste prioritet.

- Deretter skal me vera ei oppleving. Folk skal ønske å dra hit, seier ho.

Samtidig vil ho jobbe for at Notodden Blues Festival skal vera ein del av det norske kulturnettverket.

- Andre kan dra nytte av våre tre tiår med erfaring. Notodden Blues Festival er eit stort arrangement. I fjor hadde me 30 000 besøkande og det største billettsalet nokon sinne for festivalen, seier Sannes.

Som festivalkoordinator må ho ha oversikt over alt som skjer med festivalen.

- Å vera festivalkoordinator handlar om å halde alt i sjakk. Følge opp avtaler, booking og rekneskap. Å seie nei til det som er for dyrt og ja til alt som er gøy, avsluttar den tidlegare kulturstudenten.