Tok eksamen utandørs

Eksamen i dans.
Eksamen i dans.

Idrettsstudentane i Bø kjem seg ut av komfortsona ved ein av eksamenane – nemleg eksamen i dans.

Torsdag var rundt 80 studentar frå 1. år i bachelor i idrettsvitenskap og årsstudium idrett i full dans på studiestad Bø. Det er blitt ein årleg tradisjon at studentane går opp i danseeksamen.

- Studentane får gått litt utanfor komfortsona. Dei drar parallellar mellom idrett og dans, seier dansepedagog Lene Walseth, som dei siste vekene har rettleia studentane mot eksamensoppgåva.

Labans rørsleteori

Studentane har mellom anna jobba med hip hop. I tillegg til Labans rørsleteori, som går ut på bruk av rom, dynamikk og nivå.

- Nytt av året er at alle studentane utfører eksamen utandørs. Dei får bruke Labans rørsleteori i omgjevnadane ute. I tillegg er dette ei vandrande framsyning, seier Walseth.

Ho skryt av dansenivået til USN-studentane. Heile dagen kunne alle som ville følgje dei ulike dansegruppene i området på og rundt studiestad Bø. Idrettsstudentane bruka mellom anna ein gamal låve, universitetetets amfi og den nærliggande parken Evjudalen til å lage ei flott ramme rundt dei kreative dansenumera.

Ulike kreative tema

Denne dansegruppa valde gardsdrift som tema

Ved låven hadde ei gruppe valt temaet «Gardsdrift frå 1800-talet og fram til i dag». Rekvisittar som øks, spade, fiskestång, vaskebøtte og klut blei brukt som rekvisittar.

- Mannfolka var ute i skogen og jobba medan kvinnfolka var heime med husstell, seier studenten Marianne Finnerud Lie.

Dei hadde også med eit dramatisk innslag frå andre verdskrig i framsyninga si,

- Etter krigen blei jordbruket mekanisert, så me har også med nokre Felleskjøpet-effektar, seier studenten Nils Martinsen.

Mange barnehagebarn hadde teke turen for å få med seg dei artige innslaga på den solrike dagen. Dei sat med store augo og følgde med på dei spreke og kreative studentane.

Morosam eksamenstid

Kjensler stod i fokus da denne gruppa gjekk opp i danseeksamen.

Ei anna dansegruppe hadde teke for seg kjensler som tema. Dei hadde minst like imponerande fantasi og dansetrinn som «gardbrukarane».

- Me skildrar ulike kjensler gjennom dansen. Det har vore nokre morosame veker opp mot eksamen, seier studenten Stine Stegarud.

Det var mykje variert musikk dei tolv dansegruppene hadde valt til framsyningane sine. Gruppa «Dancing Time Travellers» hadde mellom anna «Eye of the tiger» med Survivor og «Mambo No 5» med Lou Bega.

Sensorar i oppgåva var Ida Frømyr Borgen og Lene Walseth. Studentane fekk ikkje karakter i denne eksamenen, men bestått eller ikkje bestått.